Statsbudsjettet 2024
Meir til kunst og kultur over heile landet
Pressemelding | Nr: 50/23 | Dato: 06.10.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa vil satse på lokal og regional kultur, og foreslår mellom anna auka driftstilskot til fleire museum, kulturbygg og kulturinstitusjonar, og eingongstilskot til mange kulturprosjekt over heile landet.
– Vi vil at folk i heile landet skal få oppleve og ta del i kunst og kultur. Difor aukar vi driftstilskotet til fleire museum og kulturinstitusjonar, slik at dei kan fortsette å utvikle gode tilbod til publikum. I tillegg vil vi fordele 50 millionar kroner til små og store kulturtiltak - frå Rommen scene i Oslo, til Bygdekinoring i Finnmark, Fargespill i Trondheim og til skutene Statsraad Lehmkuhl, Christian Radich og Sørlandet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa tilrår auka driftsmidlar i 2024 til fylgjande museum og kulturinstitusjonar:
Museum, tiltak og prosjekt | Framlegg 2024 |
Nasjonalmuseet – justering av husleige for nybygget | 22,3 millionar kroner |
MiA-Museene i Akershus, knytt til Grinimuseet | 1,5 millionar kroner |
MiA-Museene i Akershus, knytt til Roald Amundsens hjem Uranienborg | 1 million kroner |
Justismuseet/Museene i Sør-Trøndelag | 2 millionar kroner i auka tilskot. Samla løyving til Justismuseet vil i 2024 bli 10,7 millionar kroner |
IRMAS - interregionalt marinarkeologisk samarbeid mellom Norsk Folkemuseum, Museum Vest og Museum Stavanger | 2 millionar kroner |
Nordnorsk kunstmuseum, avdeling Bodø | 2 millionar kroner |
Norsk Folkemuseum, avdeling IBSEN Museum og Teater | 5 millionar kroner |
Norsk Teknisk Museum - til formidling av teleområdet | 1 million kroner |
Sørlandets Kunstmuseum - til drift av den nye formidlingsarenaen Kunstsilo | 11 millionar kroner |
Anno museum - til drift av det nye bevaringssenteret på Elverum | 4 millionar kroner |
Dalane Folkemuseum - til drift av Jøssingfjord vitenmuseum | 2 millionar kroner |
Norsk Industriarbeidermuseum - til drift av det nye vernebygget over tungtvasskjellaren på Vemork | 2 millionar kroner |
Museene i Sør-Trøndelag - til drift av Orkla industrimuseum | 2 millionar kroner |
Norsk Skogfinsk museum | 2 millionar kroner |
Kvääniteatteri | 4 millionar kroner |
Nordic Black Theatre | 1 million kroner |
Bergen Nasjonale Opera | 3 millionar kroner |
Det Norske Teatret – til satsing i Groruddalen / Rommen scene | 4 millionar kroner |
Musikkselskapet Harmonien | 2,5 millionar kroner |
Turnéteatret i Trøndelag | 1 million kroner |
Bygdekinoen | 1 million kroner |
Internasjonalt Samisk Filminstitutt | 800 000 kroner |
Regjeringa tilrår investeringsmidlar i 2024 til fylgjande prosjekt:
Prosjekt | Framlegg 2024 |
Tromsø kommune – vidare prosjektering av Kulturkvartalet, som skal gje nye lokale til Nordnorsk Kunstmuseum og Arktisk Filharmoni i Tromsø | 8 millionar kroner |
Anno museum - til oppføring av nytt historiesenter på Domkirkeodden på Hamar | 27 millionar kroner (med tilhøyrande tilsegnsfullmakt på 208 millionar kroner til utbetaling i seinare år, slik at den samla statlege medverknaden blir 235 millionar kroner) |
Olavshallen i Trondheim | 20 millionar kroner (med tilhøyrande tilsegnsfullmakt på 75 millionar kroner til utbetaling i seinare år, slik at den samla statlege medverknaden blir 95 millionar kroner) |
Regjeringa tilrår eingongstilskot i 2024 til fylgjande kulturtiltak og prosjekt:
Tiltak | Framlegg 2024 |
Operafest Røykenvik 2024 | 1 million kroner |
Stavanger kommune – Kulturhøyden Stavanger | 2 millionar kroner |
DansINN – prosjektmidlar | 290 000 kroner |
Fargespill – Fargespill Trondheim | 500 000 kroner |
R.E.D. (Residency Eina Danz) – prosjektmidlar | 510 000 kroner |
RYK (Rytmisk kompetansenettverk i Nord) – Northern | 400 000 kroner |
Grenland Friteater – Teaterparken | 600 000 kroner |
Teater Manu – «Det multinorske 2» | 250 000 kroner |
Det Norske Teatret – satsing i Groruddalen / Rommen scene | 1,35 millionar kroner |
Opera Trøndelag – «Folk er folk» | 250 000 kroner |
Opera Østfold – aktivitetar retta mot born og unge | 1 million kroner |
OscarsborgOperaen – utviklingsarbeidet av operaen «Kommandanten» | 750 000 kroner |
Teater Vestland – teaterprosjekt med ungdom | 1 million kroner |
Anno museum – utvandrarjubileet 2025 | 1,5 millionar kroner |
Buskerudmuseet – vedlikehald av kulturhistoriske bygningar | 2,2 millionar kroner |
Musea i Sogn og Fjordane – Tusenårsstaden Gulatinget | 300 000 kroner |
Nordlandsmuseet – samarbeidsprosjekt med Árran om samisk utstilling i Bymuseet i Bodø | 1 million kroner |
Preus museum – samlingsforvaltning | 1,5 millionar kroner |
Sør-Troms Museum – skonnerten Anna Rogde | 2 millionar kroner |
Verdensarvsenteret for bergkunst – Alta Museum – etablering av aktivitetspark ved verdsarvsenteret | 1 million kroner |
Vest-Agder-museet – miljøsanering av bryggjer | 3,5 millionar kroner |
Vestfoldmuseene – Herregården i Larvik | 3 millionar kroner |
Vest-Telemark Museum – vedlikehald av kulturhistoriske bygningar | 2 millionar kroner |
Viti – modernisering og fornying av drifts- og publikumsbygningar | 1,5 millionar kroner |
Fullriggeren Sørlandet – vedlikehald | 4 millionar kroner |
Skoleskipet Christian Radich – vedlikehald | 4 millionar kroner |
Statsraad Lehmkuhl – vedlikehald | 4 millionar kroner |
Arkivverket – forprosjekt for samisk språkutvikling og samiske lydarkiv | 2 millionar kroner |
Bygdekinoen – Bygdekinoring i Finnmark | 3 millionar kroner |
Spillhuset Bergen – møteplass for inkluderande dataspelkultur | 600 000 kroner |
World Expression Forum – Wexfo Youth Lillehammer 2024 | 1 million kroner |
Skeivt arkiv – «Den skeive bevegelsens historie, 1900–2000» | 1 million kroner |
Universitetet i Tromsø – pilotprosjekt for rekruttering av menn til helsefaglege utdanningar | 1 million kroner |