Statsbudsjettet 2025:
Meir penger til folketrygda
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Utgiftene til alderspensjon, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, sjukepengar og dagpengar aukar. Dei samla utgiftene på budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet til folketrygda blir anslått til 626 milliardar kroner neste år. Det er ein auke på 44 milliardar kroner.
– Folketrygda er ein svært viktig del av den felles velferdsstaten vår. Det skal den fortsetje å vere, men vi er heilt avhengige av at mange nok jobbar og er med å finansiere dei offentlege tenestene og velferdsgoda våre. Derfor vil regjeringa ha fleire i jobb og færre på trygd, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Bekymra over auken i sjuke- og arbeidsavklaringspengar
Utgiftene til sjukepengar og arbeidsavklaringspengar aukar med om lag 14 milliardar kroner. Noreg har, i motsetning til dei fleste andre europeiske land, ikkje hatt ein nedgang i sjukefråværet etter koronapandemien. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Auken i sjukefråvær fører også til ein auke i mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Partane i arbeidslivet og regjeringa forhandlar no om ein eventuell ny avtale om eit inkluderande arbeidsliv (IA).
– Regjeringa er bekymra over auken i sjukepengar og arbeidsavklaringspengar. I desse forhandlingane er me svært opptekne av at vi må gjere meir for å få ned sjukefråværet her i landet. Ein ny avtale må gi effekt, seier Brenna.
Regjeringa vil ta fleire grep for å få unge som har falt utanfor inn i arbeid eller utdanning. Eit av dei er eit nytt ungdomsprogram.
– Når unge fell utanfor er det risiko for at dei blir meir opptekne av helsemessige begrensningar for å få pengar til å leve av enn av mogelegheiter til å komme i arbeid. Regjeringa vil derfor prøve ut eit arbeidsretta ungdomsprogram med inntektssikering som ikkje er knytta til at dei unge har ein diagnose, men at dei er i aktivitet, sier Brenna.
Fleire pensjonistar
Det er venta at utgiftene til alderspensjon i 2025 vil vere 335,6 milliardar kroner. Dette er ein auke på 18,9 milliardar kroner. Den skuldast først og fremst av at pensjonane blir høgare som følgje av trygdeoppgjera, og at det blir stadig fleire alderspensjonistar.
Pensjonsreforma i 2011 har ført til at utgiftene til alderspensjon på lang sikt blir lågare enn dei hadde blitt utan denne reforma. Men dei vil likevel halde fram med å auke mykje fordi det blir fleire eldre. Talet på alderspensjonistar vil auke med om lag 25 000 neste år. Det vil då bli totalt 1 075 600 mottakarar av alderspensjon her i landet.
Pensjonsforliket gir auka berekraft i pensjonssystemet
Regjeringspartia har saman med partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne inngått eit historisk breitt pensjonsforlik med mål om å sikre den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Forliket inneber at aldersgrensene i pensjonssystemet blir heva gradvis, at minstesatsane blir betre regulert og at uføre sine alderspensjonar blir styrka.
Som eit første steg i oppfølginga av pensjonsavtalen, føreslår regjeringa at skjermingstillegget til uføre alderspensjonistar blir utvida til å omfatte årskulla 1954-1962. Dette medfører at utgiftene til alderspensjon aukar med 393 millionar kroner i 2025.
Resten av pensjonsavtalen krev større lovendringar. Regjeringa tek sikte på å sende forslag om å heve aldersgrensene ut på høyring og ei ny ordning for slitarar i folketrygda i løpet av hausten.
Lettare å kombinere trygd og arbeid
Utgiftene til uføretrygd er venta å bli 132,6 milliardar kroner i 2025. Det er ein auke på 6,6 milliardar kroner. Den viktigaste årsaka er trygdeoppgjeret i 2024 og 2025 som utgjer 5,7 milliardar kroner av det totale utgiftsanslaget. I løpet av 2025 er det venta at det gjennomsnittleg talet på mottakarar vil auke med rundt 1 500 til om lag 374 600 mottakarar av uføretrygd.
I tråd med Hurdalsplattforma skal det bli lettare å kombinere trygd og arbeid. Regjeringa føreslår derfor å leggje til rette for at uføre som kjem tilbake i arbeid, ikkje risikerer å få tilbakebetalingskrav for uføretrygd som dei fekk før dei kom seg i jobb. Det blir gjort ved å opne opp for at den uføre kan ha fleire enn eitt arbeidsforsøk. Som følgje av dette aukar anslaget for utgiftene til uføretrygd med 7,5 millionar kroner i 2025.
Regjeringa vil også vurdere andre endringar i regelverk som vil gjere det lettare å kombinere arbeid og uføretrygd. Det gjeld spesielt gruppa uføre som i dag har ein særleg høg reduksjonssats, og dermed tener lite på å jobbe ved sida av trygda.
Høg utgiftsvekst for sjukepengar
Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendige er venta å auke til 64,2 milliardar kroner i 2025. Det er ein auke på 8,2 milliardar. Sjukefråværet har så langt i år vore høgare enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. I sjukepengeanslaget er det venta at sjukefråværet neste år vil halde seg på same nivå som i inneverande år. Dette inneber at sjukefråværet framleis vil vere høgt, særleg samanlikna med før koronapandemien.
I tillegg til sjukefråværet blir også utgiftene til sjukepengar påverka av utviklinga i sysselsetjinga og lønnsveksten, der først og fremst lønnsveksten som er med på å trekkje opp utgiftene. Lønnsveksten for 2025 fører til ein auke sjukepengeanslaget for arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendige med til saman om lag 2,8 milliardar kroner.
Fleire på arbeidsavklaringspengar (AAP)
Utgiftene til AAP er neste år venta å auke med 5,9 milliardar kroner til 50,2 milliardar kroner. Trygdeoppgjeret utgjer 2,2 milliardar av dette.
Hovudforklaringa bak auken i utgiftene er at det er venta 12 800 fleire AAP-mottakarar. Ein faktor bak veksten er langtidsmottakarar av sjukepengar som får innvilga AAP når dei har brukt opp sjukepengerettane sine.
Vidare må veksten sjåast i samanheng med koronapandemien og endringene i regelverket fra 1. juli 2022. Mellombelse regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa for alle mottakarane og etterverknader av pandemien har bidrege til låg avgang frå ordninga. I tillegg vart det med dei nye reglane frå 1. juli 2022 betre moglegheiter for å få ytinga utover varigheitsavgrensinga på tre år og det vart gitt høve til å få innvilga ein ny stønadsperiode.
Våren 2024 sette regjeringa i gang ein områdegjennomgang av alle dei helserelaterte ytingane, mellom anna AAP og sjukepengar. I gjennomgangen skal drivarane bak og årsaka til bruk av helserelaterte ytingar bli kartlagd. Det skal også vurderast tiltak som kan bidra til auka sysselsetjing ved at fleire kjem heilt eller delvis i arbeid. Målet er å redusere utgiftsveksten i folketrygda til dei helserelaterte ytingane.
Framleis lav arbeidsløyse
Utgiftene til dagpengar ved arbeidsløyse er venta å auke med 1,5 milliardar kroner til 14,3 milliardar kroner. Det blir lagt til grunn i overkant av 45 200 dagpengemottakarar i gjennomsnitt i 2025, ein auke på rundt 2 000 mottakarar.
Utgifter til integrering
Tilskot til kommunane til arbeidet med å busetje og integrere fordrivne og andre flyktningar utgjer om lag 27 milliardar kroner i 2025 over Arbeids- og inkluderingsdepartementet sitt budsjett. Det er ein reduksjon på om lag 600 millionar kroner samanlikna med 2024.
– Noreg har busatt eit historisk høgt antal flyktningar dei siste åra. I møte med dei høge ankomstane har regjeringa tatt fleire grep for å auke andelen som kjem i jobb og redusere ankomstane av ukrainske flyktningar til eit meir bærekraftig nivå. Det har ført til at ankomstane er redusert med om lag 40 prosent og at delen i arbeid aukar, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Utgiftene blir påverka av kor mange fordrivne frå Ukraina og kor mange andre flyktningar som kjem til Noreg og blir busett i kommunane. Kommunane har busett over 83 000 flyktningar dei siste to og et halvt åra. Nærare 74 000 er frå Ukraina.
Alle pengebeløp i denne saka er samanlikna med Saldert budsjett 2024.