Statsbudsjettet 2025
Meir pengar til drift av kulturinstitusjonar over heile landet
Pressemelding | Nr: 47/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår 82,3 millionar kroner meir i driftstilskot til fleire museum og musikk- og scenekunstinstitusjonar.
– Kulturinstitusjonane våre sikrar eit breitt kulturtilbod og levande lokalsamfunn. Dei spelar ei viktig rolle for levekår, kulturarbeidsplassar, kulturfrivilligheit og kunnskapsoverføring til nye generasjonar. Vi aukar driftstilskotet slik at institusjonane kan halde fram med å utvikle gode tilbod til publikum, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa vil fordele 82,3 millionar kroner i auka driftstilskot i 2025 slik:
Museum |
|
Norsk Folkemuseum – drift av eksternt magasin |
3 millionar kroner |
Nordmørsmusea – drift av fellesbygget Normoria |
2 millionar kroner |
Viti – drift av Anders Svor-museet |
2 millionar kroner |
Skibladner – drift |
2 millonar kroner |
Mjøsmuseet – drift av Industrimuseet på Raufoss |
1,8 millonar kroner |
Anno museum – arbeid med utvandrarjubileum 2025 |
1,5 millionar kroner |
Nordlandmuseet – drift av Bymuseet i Bodø |
1 million kroner |
Telemark museum – drift av Henrik Ibsens barndomsheim Venstøp |
1 million kroner |
MiA – Museene i Akershus – forvaltning og vedlikehald av Roald Amundsens heim Uranienborg |
1 million kroner |
Astrup Fearnley Museet – formidling til barn og unge |
1 million kroner |
Musea i Sogn og Fjordane – drift av fellesmagasinet Tinghuset |
0,6 millionar kroner |
Museet Midt – drift av Norsk Sagbruksmuseum |
0,5 millionar kroner |
Jærmuseet – drift av Flymuseet på Sola |
0,5 millionar kroner |
Totalt |
17,9 millionar kroner |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar |
|
Den Norske Opera & Ballett – utskifting scenemaskineri |
20 millionar kroner |
Det Norske Teatret – drift og oppgraderinger |
15 millionar kroner |
Hålogaland Teater – utskifting scenemaskineri |
7,5 millionar kroner |
Operaen i Kristiansund – auka husleige ved innflytting i Normoria |
5,9 millionar kroner |
Kilden teater og konserthus – investeringar |
3,5 millionar kroner |
Trøndelag Teater – oppgraderingar |
3,5 millionar kroner |
Musikkselskapet Harmonien – drift |
2,5 millionar kroner |
Nationaltheatret – drift |
2,5 millionar kroner |
Teater Ibsen – drift |
1,5 millionar kroner |
Teater Innlandet – drift |
1,5 millionar kroner |
Totalt |
63,4 millionar kroner |
Regjeringa foreslår også ei auke på 1 million kroner til FolkOrg til dei to arrangementa Landskappsleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
I tillegg blir ei rekke budsjettaukingar frå 2024 vidareført for 2025. Det gjeld Telemark museum / Brekkeparken, Sør-Troms museum / skonnerten Anna Rogde, KODE, Midt-Troms Museum, Valdresmusea, Romsdalsmuseet, Norsk Skogfinsk Museum, Arktisk Filharmoni, Det Norske Blåseensemble, Rosendal Internasjonale Teater, Samovarteateret og Teater Manu.