Statsbudsjettet 2023
Mediemangfald og meir føreseielege rammer for media
Pressemelding | Nr: 66/22 | Dato: 06.10.2022 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Når vi legg fram statsbudsjettet for 2023, gjer vi samtidig noko for første gong, nemleg å legge fram rammene for norsk mediepolitikk dei neste fire åra, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Det er første gong det blir lagt fram eit fireårig styringssignal i samband med statsbudsjettet. Dette skjer i form av ein meldingsdel til budsjettproposisjonen, som mellom anna omfattar rammene for mediestøtta, NRK og kommersiell allmennkringkasting.
– I Noreg har vi tilgang på eit mangfald av medium uansett kor i landet vi bur. Slik vil vi også ha det framover, og då må styresmaktene legge til rette for det. Ved å fastsette fireårige styringssignal, gir vi meir føreseielege rammer for media, seier Trettebergstuen.
I meldinga føreslår regjeringa blant anna å gi media føreseielege og trygge rammer ved å sikre at den direkte mediestøtta blir justert i tråd med pris- og lønsvekst.
Etter vedtak i Stortinget, gjeld styringssignala i fire år fram til utgangen av 2026.
Innhaldet i meldinga
Dei direkte mediestøtteordningane og NRK
Regjeringa føreslår følgande løyving til dei direkte mediestøtteordningane og NRK i 2023:
- 400 millionar kroner til produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium
- 40,3 millionar kroner til samiske aviser
- 22,2 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium
- 21,5 millionar kroner til innovasjon og utvikling
- 6 088 millionar kroner til NRK i 2023. I tillegg kjem 732 millionar kroner som skal dekke NRKs utgifter til utgåande meirverdiavgift.
For 2024-2026 foreslår regjeringa å justere løyvingane til dei direkte mediestøtteordningane og NRK i tråd med pris- og lønsvekst.
NRKs oppdrag
I budsjettet presenterer regjeringa også ei justering av NRK-plakaten, som fastset dei overordna krava til NRKs allmennkringkastingsoppdrag.
– NRK har ei viktig rolle for folk kvar einaste dag. Regjeringa vil sikre NRK som ein allmennkringkastar med sterkt nærvær i heile landet. Derfor vidarefører vi hovudlinjene i NRK-oppdraget, og sørger for at dei får rammene som trengst for å oppretthalde og vidareutvikle tilbodet i den komande perioden, seier Trettebergstuen.
Justeringane i oppdraget inneber blant anna å gjere beredskapsforpliktinga til NRK plattformuavhengig. Vidare vil regjeringa skjerpe krava knytt til musikk og gjere språkforpliktingane tydelegare. NRKs plikt til å sende minst 40 prosent norsk musikk blir utvida til å omfatte dei aller fleste av radiokanalane. Vidare vert det presisert at NRK skal tilby innhald både på samisk, nasjonale minoritetsspråk og teiknspråk.
Kommersiell allmennkringkasting
I meldinga varslar regjeringa kunngjering av ein ny avtale om kommersiell allmennkringkasting på TV, etter at den gjeldande avtalen mellom TV 2 og staten går ut 31. desember 2023.
Regjeringa legg opp til at kompensasjonen skal ha ei ramme avgrensa til maksimal 15 millionar euro årleg, og avtalen blir utvida frå å vare fem år til åtte år.
Oppdraget vil omfatte krav om å levere nyheitsprogram, program for barn og unge og norsk eller samisk film og tv-drama. I tillegg blir debattprogram inkludert i oppdraget. Krava om at hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen må ligge minst 100 kilometer frå Oslo bli vidareført.
– Vi treng eit godt alternativ til NRK og ikkje minst eit sterkt redaksjonelt miljø for nyheiter utanfor Oslo. Det er viktig for å oppretthalde mediemangfaldet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.