Markering av fredinga av Henningsvær kulturmiljø
Nyheit | Dato: 30.11.2022 | Klima- og miljødepartementet
Statssekretær Aleksander Øren Heen deltek på den offisielle markeringa av fredinga av Henningsvær kulturmiljø laurdag 3. desember i Henningsvær.
Henningsvær kulturmiljø i Vågan kommune vart freda av Kongen i statsråd 14. oktober 2022. Statssekretær Heen deltek på den offisielle markeringa av fredinga. Heen vil overrekke plakett til kommunen. Det vil vere ei fiskeværvandring i kulturmiljøet før talar m.m. i Festiviteten i Henningsvær.
Program for dagen (med atterhald om endringar)
Kl. 12:00–ca.12:45 Fiskeværvandring v/ næringsdrivande Cecilie Haaland og lokalhistorikar Alf Per Johansen. Oppmøte på Torget i Henningsvær.
Kl. 12:45–15:00: Offisiell markering i Festiviteten.
Riksantikvar Hanna Geiran er konferansier for markeringa.
Det vert taler frå:
- Aleksander Øren Heen, statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Heen vil òg overrekke plakett til Vågan kommune
- Frank Johnsen, ordførar, Vågan kommune
- Odd Henriksen, fylkesdirektør for samfunnsutvikling i Nordland fylkeskommune
- Henningsvær innbyggjarforeining
- Hanna Geiran, riksantikvar
Lokalhistorikar Alf Per Johansen vil holde ein kort presentasjon (med bilete) av Henningsvær si historie.
Det blir enkel servering etter talane.
Markeringa er eit samarbeid mellom Klima- og miljødepartementet, Vågan kommune, Nordland fylkeskommune, Riksantikvaren og Førjulseventyret.
Arrangementet er opent for alle interesserte.
Du kan lese mer om fredinga her.
ENDRING: Følgande endringar er gjort i programmet etter at denne meldinga fyrst vart publisert: Fylkesråd Christian Torset har meldt forfall, og i staden held fylkesdirektør Odd Henriksen tale. Signeringa mellom ordførar og fylkesråd går ut. Endringane vart gjort 01.12.2022, kl 1810.