Løyve til å byggje kraftverket Hemsil 3 i Gol kommune
Pressemelding | Dato: 25.06.2024 | Energidepartementet
Kongen i statsråd har i dag gitt løyve til å byggje kraftverket Hemsil 3 i Gol kommune i Buskerud. Kraftverket vil bidra med om lag 110 GWh årleg i eit allereie regulert vassdrag.
– Noreg treng meir kraft for å realisere fleire moglegheiter for det flotte landet vårt. Det er gunstig med opprustings- og utvidingsprosjekt som gir meir kraft med få nye inngrep i vassdrag som allereie er regulert. Hemsil 3 er eit godt eksempel på utbyggingar me treng enda fleire av i tida framover, seier energiminister Terje Aasland.
Hemsilvassdraget ligger i øvre del av Hallingdalen og blir i dag utnytta til vasskraftproduksjon i kraftverkta Hemsil 1 og Hemsil 2. Hemsil 3 er eit opprustings- og utvidingsprosjekt som utvidar det eksisterande kraftverket Hemsil 2 ved Gol sentrum med eitt ekstra aggregat. Inntak, tunell og kraftverk skal liggje parallelt med Hemsil 2-kraftverket og utbygginga kan i stor grad gjennomførast ved bruk av eksisterande vegar og deponi.
Vilkåra for reguleringa av Hemsilvassdraget blei vurdert og revidert i 2021. Det blir ikkje gjort endringar i vilkår om minstevassføring i samband med løyvet som blir gitt til kraftverket Hemsil 3.