Lønsoppgjeret i staten har starta
Pressemelding | Dato: 27.04.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 27. april, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for å komme til einigheit i forhandlingane er ved midnatt 30. april.
I år er det eit mellomoppgjer som vil handle om økonomi, og partane skal berre forhandle om lønsreguleringar.
– For staten er det avgjerande at partane i lønsoppgjeret heldt seg til frontfagmodellen. Den bidreg til å sikre offentlege og private arbeidsplassar og norsk konkurranseevne, seier kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)
– Vi ønskjer samtidig ei lønsutvikling som bidreg til utjamning, og til at verksemdene i staten kan lykkast med å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar, seier Gjelsvik.
Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00