Lønsoppgjeret i staten er i gang
Pressemelding | Dato: 22.04.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Staten og hovudsamanslutningane møttest i dag, 22. april, for å starte lønsoppgjeret i staten. Fristen for oppgjeret er ved midnatt 30. april.
I år er det eit hovudoppgjer der partane i staten forhandlar om økonomi og om alle elementa i hovudtariffavtalane.
– Staten går inn i desse forhandlingane med krav om ein hovudtariffavtale for det statlege tariffområdet. Dette er viktig for å hindre utilsikta lønsforskjellar for tilsette i same stillingsgrupper i staten. Dette er også viktig for å fremje god lønspolitikk lokalt i verksemdene og for staten samla sett. Vidare håpar eg at partane kjem fram til løysingar innanfor den økonomiske ramma som er forhandla fram av frontfanget, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Statens personaldirektør, Gisle Norheim, forhandlar på vegner av staten. Han møtte i dag representantar for hovudsamanslutningane Akademikerne, LO Stat, Unio og YS Stat.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00