Statsbudsjettet 2024
Legg til rette for full momskompensasjon for frivilligheit og idrett
Pressemelding | Nr: 55/23 | Dato: 06.10.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa prioriterer frivilligheita og foreslår dei høgaste løyvingane til momsordningane for frivillig sektor nokon gong. Forslaga for 2024 legg opp til full momskompensasjon til frivillige organisasjonar og til lag og foreiningar som bygger idrettsanlegg.
– Dette er frie midlar som betyr mykje for at organisasjonane kan gjere det dei er best på – å skape aktivitet for små og store i heile landet, seier kultur- og likestillingsministeren.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til momskompensasjon til frivillige organisasjonar med 415 millionar kroner. Totalt går over 2,4 milliardar kroner til ordninga som når heile breidda av organisasjonar innanfor kultur, idrett og frivilligheit. Over 22 000 organisasjonar mottek stønad gjennom ordninga.
I tillegg foreslår regjeringa å auke løyvinga til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg med 90 millionar kroner. Totalt blir potten på 390 millionar kroner.
– Full kompensasjon i denne ordninga bidrar til at lokale idrettslag kan investere i anlegg, og med det legge til rette for meir idrettsaktivitet for barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Fakta om ordningane
Momskompensasjon til frivillige organisasjonar er den største tilskotsordninga til frivillig sektor, med ei foreslått ramme på 2,44 milliardar kroner i 2024. Frivillige organisasjonar kan søke om å få dekt kostnader dei har til meirverdiavgift ved kjøp av tenester og varer i den frivillige delen av verksemda. I 2022 fekk 22 200 organisasjonar tilskot gjennom ordninga. Regjeringa har allereie sørgt for full meirverdiavgiftskompensasjon i 2021 og 2022.
Ved bygging av idrettsanlegg kan idrettslag få kompensert for kostnader dei har til meirverdiavgift. Ordninga stimulerer til anleggsinvesteringar i heile landet.
Begge ordningane blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet.