Lansering av Noregs femte nasjonale handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa lanserer fredag 15. september Noregs femte nasjonale handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik på eit arrangement i Marmorhallen.

Nett-tv Lansering av Noregs femte nasjonale handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Handlingsplanen følgjer opp FNs tryggingsrådsresolusjon 1325 og andre resolusjonar om kvinner, fred og tryggleik (KFS), og dessutan den breiare dagsordenen for kvinner, fred og tryggleik.

Lanseringsarrangementet blir innleidd av utanriksminister Anniken Huitfeldt og den afghanske menneskerettsforsvararen Mahbouba Seraj.

Handlingsplanen er utarbeidd av Utanriksdepartementet, Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Norske sivilsamfunnsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og andre fagmiljø har òg bidrege med innspel til handlingsplanen.

Du kan sjå sendinga direkte på denne sida. 

Strøyming:
Arrangementet blir filma (strøyma) av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.