Revidert nasjonalbudsjett
Vidarefører støtta til Langskip
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Energidepartementet
Regjeringa vidarefører satsinga på karbonfangst og -lagring i Langskip-prosjektet. Det er varsla at prosjektet blir noko forseinka, men det er god dialog med dei involverte partane.
— Karbonfangst og -lagring er heilt nødvendig for å nå klimamåla og behalde industriarbeidsplassar i Europa. Det er stor interesse for å utvikle kommersielle CO2-lager på norsk sokkel, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
Langskip er eit fullskala prosjekt der CO2 skal fangast på sementfabrikken Norcem i Brevik (Heidelberg Materials) og på avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud i Oslo (Hafslund Oslo Celsio). Deretter skal CO2-en fraktast til Øygarden utanfor Bergen og pumpast gjennom røyr ut på sokkelen der den skal lagrast trygt 2600 meter under havbotnen.
Norcem forventar oppstart i 2025
På grunn av enkelte prosjektendringar, uventa funn i grunnen og ved riving av gamle bygg, pandemien og krigen i Ukraina, har prosjektet på Norcem hatt auka kostnader. Norcem har gjennomført ei framdriftsanalyse som viser forventa ferdigstilling av prosjektet 1. mars 2025. Dette er om lag seks månader seinare enn opphavleg estimat. Olje- og energidepartementet og Norcem har forhandla om handteringa av kostnadsoverskridingane og kome fram til eit forslag til løysing som inneber at Norcem dekkjer overskridingane mot at staten gir eit oppstarttilskot på 150 millionar kroner, og at Norcem får behalde ein større del av eit eventuelt overskot i prosjektet.
Celsio blir sett på ein mellombels pause
Olje- og energidepartementet inngjekk ein tilskotsavtale med Hafslund Oslo Celsio i juni 2022. I mars 2023 varsla Celsio at deira oppdaterte kostnadsestimat kom til å overskride maksimalbudsjettet i avtalen dersom prosjektet hadde blitt vidareført med dagens prosjektgrunnlag. Kostnadsestimatet er om lag 3 milliardar kroner høgare enn da investeringsavgjerda blei fatta. Kostnadsauken og forseinkinga kjem ikkje av utfordringar med CO2-fangstteknologien, men skuldast blant anna auka energi- og materialkostnader, valutaeffektar og vesentlege endringar i prosjektet. Prosjektet er no sett på ein mellombels pause, og det blir jobba for å få ned kostnadane og sikre tilstrekkeleg finansiering.
Departementet er i dialog med Hafslund Oslo Celsio om prosjektet, og forskyvinga vil føre til eit mindre behov for løyving i 2023. Olje- og energidepartementet vil kome tilbake til Stortinget med løyvingsendring som følgje av dette, seinast i samband med nysalderinga 2023.