Landbruks- og matministeren delte ut spesialitetsmerke på Matstreif 2024
Nyheit | Dato: 20.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
På matfestivalen Matstreif i Oslo er lokalmat- og drikke i fokus. Landbruks- og matminister Geir Pollestad opna festivalen fredag 20. september.
– Spesialitet er eit offisilet merke som hjelper oss å finna unike lokalmatopplevingar i Noreg. Dette kvalitetsmerket er ettertrakta både hjå produsentar og forbrukarar, og berre dei aller aller beste produkta slepp gjennom nålauget til ein kresen fagjury, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad då han opna festivalen.
Desse produkta fekk spesialitetsmerket på Matstreif 2024:
- Montebello frå Metervare AS: Ei saftig og grov pølse laga av norsk svinekjøt, krydder og parmesan.
- Tørrsaltet Spekk frå Aron Mat: Produsert på Kvaløya utanfor Tromsø, laga av ryggspekk av svin tromla med salt.
- Fenalår av villsaulam frå Aron Mat: Fenalår laga av gamalnorsk spælsau og naturleg turking i havluft.
- Lettrøkt gravet laks frå Det Gamle Røgeri: Laksefiletar gravne i salt, sukker og krydder før lett kaldrøyking.
– Alle desse produkta er er ypparlege eksempel på den stoltleiken som ligg i norsk mattradisjon, seier Pollestad.
Over 90 utstillarar frå ulike kantar av heile landet både viser fram og sel produkta sine på Youngstorget i Oslo sentrum både fredag og laurdag.
Matstreif blir arrangert i samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Mat, Hanen og Bondens marked.