Landbruks- og matministeren delte ut kongepokalen til vinnaren av NM i kokkekunst
Nyheit | Dato: 27.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Geir Pollestad delte ut Hans Majestet Kongens Pokal til vinnaren av NM i kokkekunst 2024, Håvard Onsøyen og medhjelparen hans Josefine Arnesen.
– Å driva med kokkekunst på høgt nivå krev kunnskap, kompetanse og hardt arbeid. Eg håpar og trur at konkurransar, som nettopp denne, bidreg til å inspirera andre til å få seg eit fagbrev som kokk, servitør eller andre viktige fag for mat- og måltidsbransjen, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad på utdelingsseremonien i NM i kokkekunst 2024.
Pokalen delte Pollestad ut i lag med hovuddommar Sven Erik Renaa. Vinnaren får høve til å delta i både Veien til Årets kokk og konkurransen Årets kokk i kandidatavtale med Stiftelsen Norsk Gastronomi.
Dette er den 32. gongen NM i kokkekunst blir halden. Norske Kokkers Landsforening har fått dela ut kongepokalen til mange vinnarar sidan Bent Stiansen vann han i 1990.
NM i kokkekunst skal motivera faglærte kokkar til å delta i konkurransar med høgt, fagleg nivå.
– Regjeringa har eit mål om å styrka heile sektoren frå jord til bord mens me bygger Matnasjonen Noreg. Dyktige fagfolk er heilt avgjerande for at me skal få til det, seier Pollestad.