Presseinvitasjon:

Kunnskapsministeren tek imot delrapport frå utvalet for kvalitetsutvikling i skulen

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kva er styrkane og svakheitene med dagens system for kvalitetsvurdering i skulen? Dette er eitt av spørsmåla vi får svar på i delrapporten som kunnskapsminister Tonje Brenna mottar tysdag 31. januar.

Nett-tv Kunnskapsministeren tek imot delrapport frå utvalet for kvalitetsutvikling i skulen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Tysdag 31. januar, kl. 08.30 – 10.00.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo.

Dagens kvalitetsvurderingssystem består av mellom anna nasjonale prøver, kartleggingsprøver, undersøkingar, som Elevundersøkelsen, og internasjonale undersøkingar, slik som PISA.

I fjor sette regjeringa ned eit utval. Bakgrunnen for det er at regjeringa vil tenke nytt om korleis vi målar kvaliteten i norske skular, og korleis vi driv kvalitetsutvikling. Dagens kvalitetsvurderingssystem i skulen er basert på offentlege utgreiingar som vart gjennomførte for over 20 år sidan.

Utvalet skal levera to utgreiingar. Den første delrapporten som kjem no, er eit kunnskapsgrunnlag om kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling i norsk skule. Sluttrapporten kjem til hausten, og vil innehalde råd om endringar.

Det offentlege utvalet er eit partssamansett utval med medlemmer frå lærarorganisasjonane, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, kommunane, Sametinget og forskarar. Utvalet skal involvere elevar, lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, relevante organisasjonar, og fagmiljø i arbeidet.

Partar frå skuleorganisasjonane og KS vil vere til stades.

Program

Kl. 08.30 – 08.33: Velkommen ved kommunikasjonssjef Cathrine Slaaen

Kl. 08.33 – 08.53: Utvalsleiar Tine Sophie Prøitz presenterer hovudfunn i rapporten

Kl. 08.53 – 09.00: Kunnskapsminister Tonje Brenna kommenterer

Kl. 09.00 – 09.10: Forskar Julius Kristjan Bjørnsson, om kva for konsekvensar innføringa av kvalitetsvurderingssystemet har hatt på prestasjonane til elevane.

Kl. 09.10 – 09.20: Forskar Therese Hopfenbeck, om kva for konsekvensar innføringa av kvalitetsvurderingssystemet har hatt på den pedagogiske praksisen til lærarane.

Kl. 09.20 – 09.45: Pressetid og høve til separate intervju.

Journalistar bør melde seg på dagen før, og møte opp før kl. 08.20. Hugs gyldig ID. Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Hong Pham (hong.pham@kd.dep.no, tlf. 911 35 990).

Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.