Kunnskapsministeren legg fram melding om 5. til 10. trinn

Fredag 13. september inviterer kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til pressekonferanse om melding til Stortinget «En mer praktisk skole - bedre læring, motivasjon og trivsel på 5. -10. trinn».

Nett-tv Kunnskapsministeren legg fram melding om 5. til 10. trinn

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Stortingsmeldinga om 5.-10. trinn tar utgangspunkt i dei ulike negative utviklingstrekka i norsk skule dei siste åra når det gjeld læringsresultat, motivasjon, trivsel, skulemiljø og fråvær. I meldinga blir politikken til regjeringa, og tiltak som skal bidra til å snu denne utviklinga, presentert. Tiltaka skal bidra til at vi får ein meir praktisk, variert og relevant skule, slik at elevane lærer meir og betre. Det er mellom anna også tiltak for meir trivsel og nærvær og ein skulekvardag med god balanse mellom skjerm og bok.

Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20, 0153 Oslo.

Tid: Fredag 13. september klokka 12.00. Dørene opnar klokka 11.30.

Påmelding:

til kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald innan torsdag 12. september klokka 15.00

E-post: hanne.roald@kd.dep.no

Tlf. 98660737

Ta med gyldig pressekort og/eller ID.

Om sendinga:

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og går direkte på regjeringen.no. Videofila kan lastast ned der i etterkant. DSS vil som vanleg dele publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Ta kontakt på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

 

Presse som vil byggje inn nett-tv-sendinga på nettsidene sine, finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.