Presseinvitasjon:

Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 10. januar 2023 inviterer statsråd Ola Borten Moe til den årlege Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning: Med kunnskap skal landet byggjast om. Nye tider – nye løysingar.

Her møter han leiarar ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutere utviklinga av sektoren. Korleis kan vi bruke forsking og utdanning i arbeidet med å gjere oss best mogleg i stand til å møte nye kriser, samstundes som vi skal utvikle samfunnet i ei berekraftig retning? 

På konferansen deltek også næringsminister Jens Christian Vestre, statssekretær i kommunal- og distriktsdepartementet Ole Gustav Narud og representantar for NHO og LO.

Det blir moglegheiter for intervju. Journalistar bør melde seg på dagen før. Du melder deg på ved å sende ein e-post til kommunikasjonsrådgjevar Vivill Vinsrygg (vivill.vinsrygg@kd.dep.no) tlf. 48 20 55 85).

Sjå heile programmet

Konferansen vil bli streama, og du kan følgje med her

Nett-tv Kontaktkonferansen for forskning og høyere utdanning 2023

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: 10. januar 2023 kl 10.00-17.00

Stad: Clarion Hotel & Congress Oslo Airport på Gardermoen