Kommunar får tilskot til utprøving og innføring av Pasientens legemiddelliste
Nyheit | Dato: 04.04.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Totalt fem kommunar får tilskot til arbeidet med Pasientens legemiddelliste gjennom Helseteknologiordninga. Det største tilskotet på 6,27 millionar kroner går til Bergen kommune, som i lengre tid har vore ein føregangskommune for å prøve ut Pasientens legemiddelliste. Dei resterande midlane går til fire nordnorske kommunar.
Pasientens legemiddelliste går ut på å skape ei felles digital oversikt over legemidla pasientar bruker, og skal bidra til å redusere sjansen for feil bruk av legemiddel.
Meir effektiv innhenting av informasjon
Det gjer også at helsepersonell bruker mindre tid på å hente inn informasjon om kva legemiddel ein pasient bruker.
– Pasientens legemiddelliste er ei konkret løysing som sørger for at pasienten sjølv, og alt helsepersonell som skal følge opp pasienten, har den same, oppdaterte lista over kva legemiddel pasienten skal ha, fortel helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Inspirerande utprøving i Bergen
– Denne løysinga er heilt i tråd med regjeringa sin strategi for digitalisering av vår felles helseteneste, som går ut på å ha ei stegvis utvikling, teste ut i det små og skalere opp når noko funkar.
– Eg vil gratulere Bergen med dei gode resultata dei har hatt frå utprøvingane så langt. At helsepersonell sparer 10–20 minuttar per pasient som følge av eit tiltak som dette inspirerer, og er personellsparande teknologi i praksis. Dette må vi gjere meir av, seier Kjerkol.
Ein del av Helseteknologiordninga
Tildelingane som blir gitt i dag er ein del av løyvingane regjeringa i år gir til kommunar og fylkeskommunar gjennom Helseteknologiordninga for å stimulere kommunar til å samordne seg og legge til rette for investeringar, anskaffingar og innføring av betre teknologiske løysingar.
Totalt 20 millionar kroner blir løyva i denne runden (helsedirektoratet.no), mens 56,7 millionar kroner blei tildelt i den første utdelinga frå ordninga i februar.
Totalt 150 millionar kroner er satt av i statsbudsjettet for i år til ordninga, som blir administrert av Helsedirektoratet (helsedirektoratet.no).
Tildeling til nordnorske kommunar
I denne runden mottok Helsedirektoratet sju søknader for totalt 31 millionar kroner, som blei sendt inn til vurdering innan fristen 1. mars. Totalt fem søknader blei tilgodesett.
Dei andre mottakarane av tilskot er:
- Bodø kommune helse og omsorg, 4,33 mill.
- Tromsø kommune, 5 mill.
- Rana kommune helse og omsorg, 2,45 mill.
- Hammerfest kommune, sektor for helse og omsorg, 1,95 mill.
– Eg gler meg til å sjå kva dei etter kvart kan få til i dei nordnorske kommunane som no sett i gang med Pasientens legemiddelliste, og sjølvsagt også å følge den vidare utprøvinga i Bergen, seier Kjerkol.
– Målsetninga er at dette skal bli bygd vidare på, for deretter å bli skalert opp på regionalt og nasjonalt nivå. Men først må vi sørge for ei grundig og god utprøving i kommunane, og at læringa går vidare til dei som kjem etter i løypa. Her har Helsedirektoratet fått ei særskild rolle for Pasientens legemiddelliste.
Kva er Pasientens legemiddelliste?
- Pasientens legemiddelliste skal bidra til betre kvalitet og færre skader i handteringa av legemiddel gjennom ei felles oversikt over legemiddel
- Programmet skal bli bygd trinnvis på dei etablerte nasjonale e-helseløysingane som kjernejournal og e-resept. Arbeidet vil gå over mange år, der kvaliteten gradvis blir betre etter kvart som alle legar held Pasientens legemiddelliste oppdatert.
- Regjeringa gjekk i statsbudsjettet for i år inn for ei satsing på til saman 1,25 milliardar kroner over seks år til digital samhandling. Pasientens legemiddelliste er eit slikt tiltak.
- Hensikta med satsinga er å sørge for at dei ulike systema snakkar saman, slik at ein får betre samhandling i dei såkalla pasientovergangane. Det vil seie løysingar som går utover ei einskild verksemd sitt ansvar i dag.