Klårsignal frå Stortinget om registreringsplikt for statssekretærar og politiske rådgjevarar
Nyheit | Dato: 20.12.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Lovendringa som gir heimel for at statssekretærar og politiske rådgjevarar skal registrere sine verv og økonomiske interesser gjeld frå i dag. Dermed er regjeringsmedlem, statssekretærar og politiske rådgjevarar likestilte i lova.
Stortinget vedtok 15. desember regjeringas forslag til endringar i lov om registrering av regjeringsmedlem, statssekretærar og politiske rådgjevarar sine verv og økonomiske interesser.
Føremålet med lovendringa er å få heimel til å pålegge statssekretærar og politiske rådgjevarar den same plikta som regjeringsmedlemmer har i dag. Regjeringsmedlemmene pliktar allereie i dag å registrere opplysningar om ulike verv og økonomiske interesser, til dømes fast eigedom, selskapsinteresser og styreverv i private og offentlege selskap eller interesseorganisasjonar.
Statssekretærar og politiske rådgjevarar har viktige roller i departementa, og er med når store avgjerder skal takast. Endringa vil sikre auka openheit og legge til rette for at ålmenta kan ha tillit til politikarane og forvaltninga.
I samband med lovendringa er det nødvendig at det kjem på plass eit nytt register. Departementet vil sørge for å utvikle ei registerløysing som skal bli tilgjengeleg for ålmenta på ein tenleg måte.