Kim Frieles minnepris går til Støttegruppa 25. juni og ukrainske Insight
Pressemelding | Nr: 32/24 | Dato: 19.06.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Statsministerens kontor
– Vi jobbar for eit trygt og inkluderande samfunn for alle, både i Noreg og internasjonalt. Eit samfunn der skeive kan leve frie og gode liv, og få elska den dei vil. Støttegruppa 25. juni og Insight gjer ein særs viktig jobb for skeives rettar, og eg er glad for at dei er prisvinnarane i år, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Regjeringa kunngjorde opprettinga av Kim Frieles minnepris under Oslo Pride i fjor, og no er dei første prisvinnarane klare. Prisen skal gå til ein person eller organisasjon som aktivt har arbeidd for å betre situasjonen for skeive, og skal delast ut kvart år.
- Ved å tildele prisen til både ein norsk og ein internasjonal aktør, anerkjenner vi at Noreg ikkje kan late auga att for dei vanskane skeive har ute i verda. Samtidig må vi ikkje tru at vi er i mål her i Noreg. Det blei vi brutalt minna på 25. juni 2022. Trass i alle framsteg vi har gjort, står det framleis jobb igjen å gjere. Kim Frieles minnepris er viktig for å synleggjere at kampen for rettane til skeive må halde fram, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Prisen blei delt ut under Oslo Prides femtiårsmarkering i Operaen 19. juni.
To brubyggjarar
Støttegruppa 25. juni mottek prisen fordi dei har vore ei viktig støtte og tydeleg stemme for dei som vart ramma av terroren i Rosenkrantz’ gate i Oslo 25. juni 2022. I møte med myndigheitene og andre instansar har dei formidla dei ramma sine erfaringar og behov.
Støttegruppa har jobba for å skape trygge møteplassar og gi informasjon. I tillegg har dei vore opptatt av korleis det har vore å vere skeiv og muslim i Norge etter terroren, og har bygd bru mellom skeive og muslimske miljø.
Insight mottek prisen for si sentrale rolle i å fremje rettane til skeive i Ukraina. Dei har auka merksemda rundt lhbt+-tematikk og bidratt til at Ukraina er eit land der rettane til lhbt+-personar no står på dagsorden.
Insight har etablert lokale grupper over heile landet og arrangert mangfaldsfestivalar. Dei har og spelt ei viktig rolle i å avskaffe krav om sterilisering og tvungen psykiatrisk innlegging for transpersonar som ønskjer å endre juridisk kjønn, mellom anna gjennom eit samarbeidsprosjekt med norske aktørar.
Dei har også vore sentrale i arbeidet for anerkjenning av likekjønna samliv. No ligg det eit forslag til avstemming i parlamentet om dette.
– Samtidig som vi har våre høgst reelle utfordringar her heime, veit vi at det kan vere endå meir utfordrande å leve som skeiv i andre delar av verda. Insight har gjort ein stor innsats for skeive og andre sårbare grupper etter invasjonen frå Russland. Dei har mellom anna etablert trygge tilfluktsrom og leirar for skeive i fleire byar, sidan vanlege flyktningmottak har vist seg å vere utrygge for lhbt+-personar, seier juryleiar Kristin Halvorsen.
Vinnarane mottek ei pengegåve på 500 000 kroner kvar.
Juryen for prisen består av juryleiar Kristin Halvorsen, Guro Sibeko, Kjell Erik Ullman Øie og Knut Olav Åmås. Sekretariatet for prisen er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Pressekontakt for kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery: kudinfo@kud.dep.no, pressetelefon 90 23 10 93.
For førespurnader om intervju til prisvinnarane eller jurymedlemer kontakt sekretariatsleiar eirik.aimar.engebretsen@bufdir.no