Kierulf-utvalet overleverer rapporten sin
Pressemelding | Dato: 18.03.2022 | Kunnskapsdepartementet
Onsdag 30. mars leverer utvalet som har vurdert kåra til den akademiske ytringsfridomen si utgreiing. Det er Anine Kierulf som har leia arbeidet.
Kierulf-utvalget overleverer rapporten sin
Sjå sendinga her
- Tid: Onsdag 30. mars, kl. 9.00
- Stad: Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18
Utvalet har sett på korleis ein kan styrke den akademiske ytringsfridomen til dei tilsette og korleis vi som samfunn kan verne og støtte opp om denne fridomen. Dei beskriv kva som er kjernen i akademisk ytringsfridom, og kvifor den den er viktig.
Utvalet kjem med ei rekke forslag til tiltak, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere rapporten. Utvalets arbeid er eit viktig ledd i arbeidet til regjeringa med å sikre akademisk ytringsfridom i Noreg. Målet er å få fleire forskarar til å delta i den offentlege debatten.
Det blir høve til å intervjue statstråd Borten Moe og utvalsleiar Anine Kierulf.
Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen på telefon 911 14 868 eller pr. e-post: jose@kd.dep.no
Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på nettsidane sine kan bruke denne embed-koda:
<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sfyx3h4b/wowza.js' type='text/javascript'></script>