Styrker nasjonal beredskap og flytter vedlikehald av F-35 fra Italia til Norge
Nyheit | Dato: 26.06.2023 | Forsvarsdepartementet
For å styrkja nasjonal kompetanse og auka operativ tilgjengelegheit, skal det etablerast eit depot for vedlikehald av F-35-skrog på Rygge.
Dette kjem i tillegg til F-35 si globale vedlikehaldsløysing. – Av omsyn til eigen beredskap er nasjonal kapasitet å føretrekkje framfor bruk av utanlandske aktørar til vedlikehald på F-35. Vi må ha sikker tilgang til understøtting når vi treng det mest. Vi flytter no delar av vedlikehaldet heim frå Italia til Noreg. Eg er særs nøgd med at KAMS no skal få meir av vedlikehaldet på våre kampfly, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
Depotet skal eigast og blir drive av Kongsberg Aviation Maintance Systems (KAMS) og kjem i tillegg til motordepotet som har vore operativt sidani fjor.
– Forsvaret har meldt om utfordringar knytt til tilgjengelegheit av kampflyflåten, primært grunngitt manglande kapasitet i eigen driftsorganisasjon. Det er sett i verk fleire tiltak for å styrkja kapasiteten. Dimensjonering av dette depotet vil bli eit nasjonalt supplement til Luftforsvarets vedlikehaldskapasitet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
- Vi har varsla at regjeringa vil investere tungt i vårt nasjonale forsvar. Det handla om vår felles tryggheit. Det er viktig at investeringane også skal byggje norsk forsvarsindustri. På den måten sikrar vi tryggheit, bygger industri og skapar arbeidsplassar i heile Noreg, uttaler finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Kongsberg planlegg store investeringar knytt til ferdigstilling og drift av det norske depotet. Det er ein føresetnad at vedlikehaldet som blir tilbode skal vera konkurransemessig prisa. Forholdet mellom leverandørar og Forsvaret må byggjast på kva som gir mest kampkraft og forsvarsevne. Ein sterk intern kapasitet i Forsvaret er viktig, og norsk industri og næringsliv speler samstundes ei viktig rolle.
Brukarvedlikehald av F-35 vil framleis utførast av Luftforsvaret på hovudbasen på Ørland, medan tungt vedlikehaldsarbeid vil gjennomførast på det regionale depotet i Cameri, Italia, i samsvar med norske forpliktingar i det fleirnasjonale F-35- programmet.
Les meir her: KONGSBERG to establish new depot for F-35 maintenance in Norway - Kongsberg Defence & Aerospace