Presseinvitasjon

Justis- og beredskapsministeren til Møre og Romsdal 23. februar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) vil onsdag 23. februar motta NOU frå regjeringa sitt cruiseutval. Overleveringa skjer i Hustavika.

Regjeringa sitt cruiseutval, som blei oppnevnt av Solberg regjeringa i 2020, har sett på sjøsikkerheits- og beredskapsmessige utfordringer knytt til cruisetrafikk i norske farvatn og tilgrensa havområder. Dei er nå ferdige med utreiinga og onsdag skal dei overlevere NOU’en. 

Utvalet har vore under leiing av politimester i Agder politidistrikt, Kjerstin Askholt, tidlegere sysselmeister for Svalbard.  

Les meir om utvalet her Cruiseutvalget - regjeringen.no 

Tid: Klokka 08:30 – 09:15. 

Stad: Hustadvika Gjestegård, Storholmvegen 90, Farstad 

Media er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for presse ca. klokka 09:00. 

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren i Møre og Romsdal:  

Kommunikasjonssjef Trude Larstad, tlf. 936 67 742, 
trude.larstad@jd.dep.no  

Relaterte lenker til saka: 

Cruiseutvalget - regjeringen.no 

Regjeringens cruiseutvalg er klart - regjeringen.no