John-Eivind Velure ny Nkom-direktør
Pressemelding | Dato: 25.10.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
John-Eivind Velure er i dag utnemnd til direktør for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for ein periode på seks år. Velure er i dag fungerande direktør same stad.
Nkom er ei tilsyns- og forvaltningsmyndigheit for internett, mobilkommunikasjon, breibandstenester, satellittkommunikasjon og datasenter som blir stadig meir sentralt for samfunnet vårt. Nkom er òg tilsyn for eID og postområdet.
– Nkom står framfor store oppgåver framover mellom anna med å sikre denne digitale grunnmuren. Velure er ein fagleg sterk og utviklingsorientert leiar som er svært godt kvalifisert til å leie dette viktige arbeidet, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
John-Eivind Velure (48) er utdanna sivilingeniør frå NTNU i elektronikk/telekommunikasjon. Han har vore tilsett i Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit sidan 2004. Frå 2015 var han avdelingsdirektør for Frekvensavdelinga/Spektrumsavdelinga og frå 2018 nestleiar for Nkom. Han har fungert som leiar for Nkom i to periodar.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets pressetelefon: 22 24 20 00