Inviterer til folkemøte om villrein i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei
Nyheit | Dato: 18.10.2024 | Klima- og miljødepartementet
Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet inviterer alle lokale innbyggjarar, organisasjonar og andre interesserte til folkemøte på Hovden om den komande tiltaksplanen for å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.
Møtet om villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde vil finne stad på Grendehuset på Hovden den 24. oktober kl. 1700-1830.
– Vi må ta nye og effektive grep for å betre tilstanden for villreinen i Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde. I arbeidet med den komande tiltaksplanen for desse villreinområda er det viktig for meg å høyre kva innbyggjarane i dei kommunane som er omfatta av tiltaksplanen og brukarane av villreinfjellet meiner er rett å gjere, seier statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima- og miljødepartementet.
Gjennom fleire tiår har det blitt gjennomført betydelege tiltak for å betre situasjonen for villreinen i Noreg. Likevel har desse tiltaka ikkje vore nok til å snu den negative utviklinga. No er tida inne for å ta nye og forsterka grep. Stortingsmeldinga “Ein forbetra tilstand for villrein”, og Stortinget si behandling av denne, dannar eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med tiltaksplanane.
Det skal utarbeidast eigne tiltaksplanar for dei ulike villreinområda i Noreg, og desse planane vil vere avgjerande for villreinen si framtid. Dei første tiltaksplanane skal etter planen sendast ut på høyring i løpet av året og vedtakast i løpet av 2025. Fleire av tiltaka som ligg inne i utkasta til tiltaksplanar, vil ha direkte konsekvensar for lokalsamfunna. Regjeringa ønskjer å sikre at alle aktørar jobbar mot det same målet – å forbetre villreinen sine levekår og samtidig ivareta andre viktige samfunnsinteresser.