Invitasjon til Nasjonal likestillingskonferanse 2024

Regjeringa held ein årleg konferanse om likestilling mellom kjønn. Tema i år er korleis ein kan legge til rette for likestilte og berekraftige lokalsamfunn. Arbeid med likestilling og sosial berekraft lokalt handlar om å ta i bruk alle sine ressursar på best mogleg måte, og legge til rette for like moglegheiter for alle.

Nett-tv Nasjonal likestillingskonferanse 2024

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: 5. mars 2024, kl. 09.00-13.00
Stad: Nasjonalmuseet, Brynjulf Bulls plass 3, 0250 Oslo. Inngang frå Dronning Mauds gate 2.

Program og påmelding: Nasjonal likestillingskonferanse 2024 (pameldingssystem.no) – Bufdir
Det er Bufdir som arrangerer konferansen på vegner av regjeringa. Konferansen blir òg sendt direkte på regjeringen.no.

Arrangementet blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen