Innlegg på Bufdirs nasjonale barnevernskonferanse

Takk for at eg får komme med ei helsing til dykk i dag. Eg veit det er mange som følgjer denne konferansen og at de har mykje spennande på programmet.

Sjekkes mot fremføring

Eg har eit stort engasjement for barnevernet, og eg er stolt over å ha fått oppgåva med å vere statsråd for dette politikkområdet. Eg vil gjere mitt beste for å løfte saker og jobbe for barn og familiar i heile landet. Og eg har store forventningar til kva vi kan oppnå saman i tida framover.

***

I Noreg har vi tradisjon for å vere langt framme i arbeidet med barn sine rettar. Noreg var det fyrste landet i verda som innførte ei lov som likestilte barn sine arverettar anten dei blei født i eller utanfor ekteskap. Med dei såkalla Castbergske lovane frå 1915, blei barn for fyrste gang anerkjend som sjølvstendige rettssubjekt, og det gjorde Noreg til ein pioner for barns rettar.

I 1981 oppretta Noreg verdas fyrste barneombod. Det var eit resultat av at ein anerkjende barns behov og rett til å få tale si sak og bli høyrde i sakar som angår dei.

Eg vil at Noreg framleis skal vere langt framme i skoa og vere ein spydspiss i arbeidet for rettane til barn. Det krev tolmod og ei iherdig innsats frå alle oss som jobbar for og med barn og deira familiar. Men eg vonar at vi kan finne inspirasjon frå fortidas heltar, og ved å finne saman her i dag. Vi må våge å tru og kjempe, for barna og for familiane deira.

***

Både det praktiske arbeidet og det overordna arbeidet i barnevernstenesta kan tidvis vere strevsamt og komplisert. Men det er spekka med meining, og det er ein jobb vi kan vere stolte av.

Det første som ventar no er barnevernsreforma som Stortinget vedtok i 2017. Og no er det berre nokre veker til reforma trer i kraft. Målet med reforma er å styrkje kommunane sitt arbeid med førebygging og tidleg innsats, og gi betre tilpassa hjelp til barn som treng det. Vi må få til eit smidigare og betre samarbeid mellom offentlege hjelpetenester slik at vi kan forebygge og hjelpe raskare og betre. Barn skal få rett hjelp til rett tid.

Med reforma får kommunane større ansvar på barnevernsområdet. Då er det viktig at vi sørgjer for både bemanning og finansiering som gjer at endringane kan gjennomførast på ein god måte.

Kommunane blir samla sett kompenserte for det auka ansvaret de får gjennom ein auke i kommuneramma. Når kompensasjonen blir fordelt i inntektssystemet vil nokre kommunar få kompensert mindre enn dei faktiske utgiftene i 2022. For å gi meir tid til omstilling føreslår den nye regjeringa å utvide overgangsordninga som blei varsla i budsjettforslaget frå førre regjering til tre år.

I tillegg vil den nye regjeringa auke veksten i dei frie inntektene til kommunane med 2,5 milliardar kroner på toppen av det Solberg-regjeringa la opp til. Dette vil styrkje handlingsrommet og føresetnadene for omstilling ytterlegare.  

Tilstrekkeleg kompetanse er avgjerande for å realisere måla til reforma. No blir det etablert to nye masterutdanningar for barnevern. Og med ny barnevernslov blir det også innført nye kompetansekrav i barnevernet. Ein treng kunnskap for å identifisere behova og kunne tilby tidleg og tilpassa hjelp.

Tal tydar at det har vore høg turnover i kommunalt barnevern. Det betyr at barn mister trygge vaksne, og barnevernstenesta mistar viktig kompetanse og erfaring. Vi treng stabile tilsette med erfaring som kjenner barna og behova deira, og som kan rettleia dei nyutdanna som skal inn i yrket.

***

Det blir gjort svært mykje godt arbeid i barnevernet. Mange barn får god hjelp. Dyktige, dedikerte og engasjerte tilsette står på i jobben. Samstundes veit vi at det er utfordringar, og dei siste åra har barnevernet fått kritikk både nasjonalt og internasjonalt. Då må vi klare å halde fast på alt vi veit er godt, og våge å utfordre oss sjølv på kva som kan bli betre.

Vi skal ha eit fagleg sterkt barnevern, med tillit i befolkninga. Barnevernet har inngripande makt i menneske sitt liv. For å pleie tillitsforholdet mellom barnevernet og befolkninga, krevst særleg audmjukheit og respekt i møte med barn og familiar.

***

Dei siste åra er Noreg dømt i fleire saker i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Det er alvorleg, og kan ha direkte påverknad på tilliten til barnevernet.

Det er viktig for meg å understreke at dommane frå EMD ikkje tyder at norsk barnevern har feila, men ein har gjort einskilde feil, og vi må erkjenne at dommane er viktige korrektiv. Dei viser at deler av praksisen ein har hatt i det norske barnevernet og i domstolane ikkje er vurdert å ha vore i tråd med menneskerettane. Det gjeld særleg korleis nokre av dei mest inngripande vedtaka er grunngjeve, og korleis ein har vurdert samvær og målet om tilbakeføring etter ei omsorgsovertaking. Det må vi ta lærdom av, og det har eg tillit til at vi skal få til.

Den nye barnevernslova skal bidra til at praksisen i større grad imøtekjem våre menneskerettslege forpliktingar. Gjennom lova blir mellom anna barn og foreldre sine rettar til familieliv gjort tydeleg. Målsetjinga om gjenforeining av foreldre og barn er grunnleggande, og mellom anna er reglane om samvær endra.

***

Vi vil leggje til rette for brukarmedverknad, godt og effektivt samarbeid på tvers og meir kompetanse hos dei tilsette i tenestene. I arbeid med barn og unge er førebygging utruleg viktig. Vi veit at dei barna som får god hjelp tidleg i livet, har mykje betre sjansar til å klare seg sjølv og leve aktive og gode liv. Å gi den riktige hjelpa til ein familie med særskilde behov, har enorme ringverknadar.

Eg har merka meg at den nye rapporten om barnevern og sosioøkonomisk ulikheit skal leggjast fram her i dag. Den syner mellom anna fram utfordringar i samarbeidet rundt sårbare barn og familiar. Det er ein viktig rapport, og det blir interessant å høyre Bufdir og NAV sine kommentarar til denne rapporten.

***

Retten til ettervern er utvida til 25 år. No står det att å sikra at dei unge vaksne faktisk får den tilpassa oppfølginga dei treng for å etablera sjølvstendige liv. Det er noko vi vil prioritere høgt.

Vi vil styrkje samarbeidet rundt det enkelte barnet og familie, og særleg jobbe for at barn i barnevernet får den psykiske helsehjelpa som dei treng.

Vi er tydelege på at helsekartlegging av barn etter ei omsorgsovertaking må lovfestast. Helsekartlegging skal bidra til at barnevernet får tilstrekkeleg informasjon om barnet, slik at vi kan gi meir treffsikker hjelp og forsvarleg oppfølging. Vi må òg gjere meir for å nå dei barna som allereie bur i institusjon, og som slit med store helseutfordringar. Eg har eit mål om at når staten overtek omsorga for eit barn, då skal det barnet ha det beste helsetilbodet og den beste oppfølginga som vi som samfunn kan by på. Slik er det diverre ikkje alltid i dag.

I Hurdalsplattforma fastslår regjeringa at vi vil bort ifrå kommersialiseringa og oppstykkinga av barnevernet. Vi ynskjer ikkje dagens situasjon der tilbodet til barna med størst og mest samansett behov er dominert av store kommersielle konsern. Desse barna og ungdommane må i mykje større grad kunne få eit tilbod i det offentlege.  Vi vil arbeide for å avslutte bruken av anbod og konkurranseutsetjing, og sikre at dei ideelle institusjonane får meir føreseielege vilkår for drift og langsiktige avtaler med det offentlege.

Da vi i regjeringas budsjettframlegg i førre veke føreslo å styrke dei statlege institusjonane med 100 millionar kroner, var det nettopp eit første steg for å nå desse måla for institusjonsbarnevernet. Midlane skal  gjere institusjonane betre i stand til å ta ansvar for barna med dei største og mest samansette behova. Det er i oppfølginga av disse barna at det er høgast risiko, høgast grad av myndigheits- og tvangsutøving og størst behov for samarbeid med andre offentlege tenester. Forslaget vil òg kunne legge til rette for meir bruk av ideelle aktørar og redusere behovet for enkeltkjøp frå kommersielle.

***

Å sørgje for trygge oppvekstvilkår og eit raust og imøtekommande hjelpetilbod for familiar, må vere noko av det mest meiningsfulle å jobbe med.

Vi skal gjere vårt beste for å vere ein god støttespelar i det viktige utviklingsarbeidet de står i. Og eg ser fram til eit godt samarbeid dei neste åra.