Høyring av regelendringar som gjer det mogleg med digital gravferdsmelding
Nyheit | Dato: 23.06.2022 | Barne- og familiedepartementet
Det skal bli mogleg å ha nettbasert dialog mellom dei etterlatne og gravplasstyresmakta i samband med gravlegging. Endringsframlegg som legg det rettslege grunnlaget for slik dialog, blir no sendt på høyring.
Regjeringa har mål om samanhengande digitale tenester ved viktige livshendingar, som dødsfall og arv. Den teknologiske utviklinga gir grunn til å vurdere nye og digitaliserte løysingar også på området gravferd. Brukarkartleggingar viser at etterlatne opplever prosessane rundt dødsfall som krevjande og uoversiktlege, også fordi dei etterlatne er i ein svært sårbar situasjon.
Digitalisering skal ikkje erstatte den menneskelege kontakten i møte med døden. Prosjektet vil ta omsyn til at ikkje alle ønskjer eller kan ta i bruk digitale løysingar.
Barne- og familiedepartementet sender no forslag til endringar i gravplassloven og gravplassforskriften på høyring. Høyringsnotatet har to delar. Første del av høyringsnotatet (punkt 2 til 8) har samanheng med digital gravferdsmelding, medan den andre delen (punkt 9 til 12) inneheld andre regelendringar.
For å leggje til rette for Digital gravplassmelding blir det i høyringsnotatet foreslått:
- Føresegner som gir behandlingsgrunnlag etter personvernforordninga for digital gravferdsmelding, heimel til å dele opplysningar omfatta av teieplikt og utvida tilgang for statsforvaltaren til opplysningar i Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt.
- Ei nærare regulering av kven som skal reknast som sambuarar etter gravplassloven.
- Oppheving av kravet om at krematorium skal varsle politiet før kremasjon.
I tillegg ber departementet om synspunkt på nokre andre endringar for at regelverket skal bli betre og klårare:
- At kommunen berre treng gi samtykke ved større tiltak på gravplassar (som ny-anlegg, utviding og nedlegging), ikkje alle såkalla «vesentlige endringer».
- Å justere ei føresegn slik at det blir heilt klårt at det berre er kyrkjelege gravplasstyresmakter som skal fremje budsjettforslag for kommunen.
- Å justere fristen for kremasjon slik at mindre krematorium ikkje må varme opp omnen oftare enn strengt tatt nødvendig. Dette kan redusere utsleppa.
- At det blir opna for å setje opp gravminne (gravstein) også før ein lekam som er donert til undervisning og forskning, blir gravlagt. Dette vil gjere sorgprosessen lettare for etterlatne i slike situasjonar.
Les høyringa og gje høyringssvar. Høyringssvara er som hovudregel offentlege og vil bli publisert.
Høyringsfristen er 1. oktober 2022.