Statsbudsjettet 2024

Høge løyvingar til forsking og høgare utdanning

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Neste år vil regjeringa bruke 48,6 milliardar kroner på forsking og utvikling. Det er ein realvekst på 5,6 prosent samanlikna med 2023. Regjeringa føreslår å løyve 45,4 milliardar kroner til universiteta og dei statlege og private høgskulane i 2024. Det er 1,6 milliardar høgare enn revidert budsjett for 2023.

– Over heile landet melder næringsliv og kommunar om den same utfordringa: mangel på kompetanse. Vi manglar mellom anna teknologar, lærarar og sjukepleiarar. Samstundes får vi ei stadig eldre befolkning, aukande behov for helsetenester og vi står overfor store omstillingsbehov. Regjeringa møter denne utfordringa: Vi foreslår ei rekordhøg løyving til forsking og utvikling i statsbudsjettet for 2024. Vi satsar på studieplassar og kompetanse i heile landet, og aldri tidlegare har det vore så mange tilgjengelege studieplassar som i år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Neste år vil regjeringa løyve om lag 4,6 milliardar kroner meir til forsking og utvikling enn i 2023.

– Forsking og høgare utdanning speler ei avgjerande rolle for å ruste Noreg for framtida. Vi må bruke ressursane våre smart, tørre å ta krevjande val og prioritere dei aller viktigaste oppgåvene. Når teknologi som kunstig intelligens utviklar seg svært raskt, må vi ha omstillingsevne og tilgjengelege ressursar til å svare med offensive satsingar.  Det har denne regjeringa levert på, og det skal vi halde fram å gjere, seier Borch.

Noreg vidarefører eit høgt nivå på løyvingane til forsking

Regjeringa held fram med den høge støtta til forsking. I OECD-samanheng ligg vi heilt i toppsjiktet når det gjeld del av det offentlege budsjettet brukt på forsking og utvikling. I år har vi for første gong på fleire år realvekst i dei samla FoU-løyvingane. I år prioriterer vi særleg digital tryggleik og kunstig intelligens, helse og grøn omstilling i næringslivet, seier Borch.

Regjeringa har lansert ei forskings- og innovasjonssatsing på kunstig intelligens og digital tryggleik, som særleg skal gje oss meir kunnskap om samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga. Satsinga skal ha eit omfang på minst 1 milliard kroner fordelt over fem år frå og med 2024.

Forsking og utvikling (FoU)

Regjeringa foreslår å løyve 48,6 milliardar kroner til forsking og utvikling (FoU). Det er ein nominell auke på om lag 4,6 milliardar kroner, samanlikna med 2023-budsjettet. Det motsvarar ein realvekst på 5,6 prosent. Medrekna Skattefunn, er FoU-løyvingane på om lag 52 milliardar kroner. FoU som andel av BNP er utrekna til 0,92 prosent ekskludert Skattefunn, og 0,98 prosent inkludert Skattefunn.

Viktige forskingssatsingar for 2024:

  • Minst ein milliard kroner over fem år til ei stor forskings- og innovasjonssatsing på kunstig intelligens og digital tryggleik.
  • 103,7 millionar kroner til styrking av forsking i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
  • 140 millionar til å oppgradere det nasjonale forskingsnettet.
  • 40 millionar kroner til forsking for grøn omstilling i næringslivet.
  • I tillegg jobbar regjeringa med ein strategi for å auke forsking og utvikling i næringslivet. Strategien kjem etter planen våren 2024.

Høgare utdanning:

Regjeringa foreslår å løyve 45,4 milliardar kroner til universitet, og statlege og private høgskuler i 2024. Det er 1,6 milliardar kroner høgare enn revidert budsjett for 2023. Det er ein realnedgang på 0,7 pst. frå 2023 og ein realvekst på 1,6 pst. frå 2019.

255 nye studieplassar

I 2023 vart det lyst ut eit rekordhøgt antal studieplassar. Budsjettforslaget legg opp til eit høgt nivå også i 2024.

Regjeringa si satsing på høgare utdanning inneber å setje av 18,3 millionar kroner til å finansiere 255 nye studieplassar.

Borch peiker på at regjeringa prioriterer dei utdanningane regjeringa trur vi kjem til å trenge meir av framover.

– Det norske samfunnet står framfor store endringar. Vi blir fleire eldre, og mindre ungdomskull gir færre unge inn i utdanningssystemet. Samstundes manglar det ikkje på oppgåver som skal løysast, både i offentleg og privat sektor. Når det blir færre folk å ta av, må vi vere tydelegare i prioriteringane enn det vi har vore vande med. Derfor foreslår vi i år pengar til studieplassar særleg innan helse og IKT, og til å etablere viktige studietilbod fleire stader, seier Borch.

Styrka satsing på utdanning i heile landet

Regjeringa satsar stort på desentralisert utdanning og vil styrke utdanningstilboda i distrikta.

– For å utdanne nok folk med rett kompetanse, må vi nå fleire av dei som ikkje kan studere på heiltid eller flytte for å studere. Vi må rett og slett nå fleire av dei som i dag ikkje tek høgare utdanning. Då må vi ha fleire gode tilbod nær der folk bur, og som det går an å kombinere med jobb og familie. Derfor foreslår vi å løyve 200 millionar kroner til universiteta og høgskulane neste år til å styrke det desentraliserte og fleksible studietilbodet, seier Sandra Borch.

Pengane blir flytta frå program og tilskotsordningar som blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  Regjeringa foreslår også å vidareføre den søknadsbaserte ordninga for studiesenter med 50 millionar kroner.

Universitet og statlege høgskular (kap. 260, post 50)

 

 

1 000 kroner

 

Saldert budsjett 2023

Forslag rammeløyving 2024

Nord Universitet

 1 711 143

 1 882 114

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet

 1 533 426

 1 579 762

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

 7 546 995

 7 992 874

OsloMet – storbyuniversitetet

 2 877 595

 3 061 116

Universitetet i Agder

 1 708 137

 1 837 205

Universitetet i Bergen

 4 088 175

 4 313 795

Universitetet i Oslo

 6 116 002

 6 431 779

Universitetet i Stavanger

 1 892 644

 1 985 798

Universitetet i Søraust-Noreg

 2 164 791

 2 295 550

Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

 3 806 533

 4 045 822

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

 240 534

 252 684

Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk

 338 228

 360 312

Noregs handelshøgskole (NHH)

 618 764

 640 188

Noregs idrettshøgskole

 256 241

 271 871

Noregs musikkhøgskole

 314 165

 333 737

Høgskolen i Innlandet

 1 369 382

 1 503 243

Høgskulen på Vestlandet

 2 284 700

 2 453 984

Høgskulen i Volda

 435 109

 457 757

Høgskolen i Østfold

 809 381

 861 073

Kunsthøgskolen i Oslo

 387 443

 413 772

Sámi allskuvla/Samisk høgskole

 100 901

 111 720

Private høgskular (kap. 260, post 70)

 

 

1 000 kroner

 

Saldert budsjett 2023

Forslag rammeløyving 2024

Handelshøyskolen BI

451 677

454 165

MF vitenskapelig høyskole

121 301

122 212

VID vitenskapelige høgskole

495 898

534 716

Ansgar høyskole

32 452

33 506

Barratt Due Musikkinstitutt

31 562

33 303

Bergen Arkitekthøgskole

22 715

21 674

Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning

156 808

163 727

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

16 821

15 659

Høyskolen for dansekunst

2 176

2 292

Høgskulen for grøn utvikling

3 160

3 077

Høyskolen for ledelse og teologi

18 456

17 618

Høyskolen Kristiania

373 356

402 963

Lovisenberg diakonale høgskole

142 374

149 275

NLA Høgskolen

315 117

339 629

Steinerhøyskolen

17 600

18 700

Klarsignal for NTNU Campussamling

Regjeringa foreslår 178 millionar kroner i startløyving til prosjektet NTNU Campussamling i 2024. Prosjektet har våren 2023 vore gjennom ekstern kvalitetssikring, som vurderer at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønsamt. Regjeringa meiner at dette no er eit godt og nøkternt prosjekt som realiserer kjernen i prosjektet, nemleg å flytte fagmiljøa på Dragvoll til Gløshaugen.

Regjeringa løyver 8,5 millionar kroner til realiseringa av Campus Kristiansund, i tråd med målet til regjeringa om desentralisert utdanning i heile landet.

– Dei siste åra har for mange av byggeprosjekta i sektoren vorte for dyre og har kosta meir enn planlagt. Her har regjeringa dei siste åra gjort ein stor og heilt naudsynt ryddejobb. Vi har fått ned kostnadane, samstundes som vi tek vare på kjernen i prosjekta. Slik legg vi til rette for framtidsretta forsking, utdanning og innovasjon, med gode faglege og sosiale kvalitetar. Det er bra for studentane og det er bra for landet, seier Sandra Borch.