Revidert nasjonalbudsjett
Hjelpetelefon får meir i driftstøtte
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa vil styrke det foreldrestøttende arbeidet, og føreslår derfor å auke driftstøtten til hjelpetelefonen Foreldresupport med to millionar kroner.
– Hjelpetelefonen Foreldresupport er eit viktig foreldrestøttande og valdsførebyggjande tiltak. Hjelpetenesta fekk over 11 000 førespurnader via telefon og chat i 2022. Denne pågangen viser at det er eit stort behov for tenesta, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Foreldresupport, som blir drifta av Mental Helse og Stine Sofies Stiftelse, er eit foreldrestøttande og valdsførebyggjande tiltak for omsorgspersonar med barn under 18 år som treng hjelp og rettleiing. Tiltaket er eit viktig lågterskeltilbod for målgruppa. Med dei to millionar kronene, blir løyva ført vidare på same nivå som i 2022 og målet er å halda oppe det eksisterande tilbodet.