Historisk utgreiing om norsk teiknspråk er klar
Pressemelding | Nr: 31/23 | Dato: 13.06.2023 | Kultur- og likestillingsdepartementet
– Språk gir oss fridom til å uttrykke oss, knyte band og vere i fellesskap med andre. Dette gjeld også for teiknspråk, men vi veit diverre for lite om livet og språket til døve. Med denne utgreiinga har vi fått viktige innspel til korleis vi kan leggje betre til rette for norsk teiknspråk, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.
Kultur- og likestillingsministeren tek imot NOU frå Teiknspråkutvalet
Sjå sendinga her
Tysdag tok kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen imot Tegnspråk for livet. Forslag til en helhetlig politikk for norsk tegnspråk frå Teiknspråkutvalet. Dei har sidan 2021 hatt i oppdrag å greie ut situasjonen for norsk teiknspråk.
– Norsk teiknspråk er eit vitalt språk, men likevel under press. Sterke teiknspråklege arenaer er nødvendig for at flest mogleg skal få høve til å lære og bruke norsk teiknspråk, seier utvalsleiar og professor Hilde Haualand.
Utvalet har mellom anna funne at teiknspråk som opplæringsspråk står svakt, og det er vanskeleg å få velferdstenester på teiknspråk. Utvalet meiner at sjølv om statens innsats for norsk teiknspråk er omfattande, er samfunnet prega av mangel på kunnskap om døve og norsk teiknspråk. Høyrselshemma og døve opplever diskriminering både som personar med funksjonsnedsetting og på grunn av språket dei nyttar.
Utvalet tilrår seks løft for å styrke norsk teiknspråk:
- styrke tilgangen til opplæring i teiknspråklege miljø
- sikre tidleg tilgang til teiknspråk
- styrke kvaliteten i opplæringa
- heve teiknspråkleg kompetanse
- sikre tilgang til likeverdige tenester
- sørge for meir forsking og språkdokumentasjon
– Dette er den første offentlege utgreiinga om norsk teiknspråk. Det er eit historisk arbeid, og eg vil takke utvalet for arbeidet dei har gjort. No skal vi sende rapporten på ei brei høyring og eg gler meg til å ta imot alle innspel, seier kultur- og likestillingsministeren.