Statsbudsjettet 2023
Historisk satsing på fastlegeordninga
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa foreslår å styrke fastlegeordninga med 690 millionar kroner i 2023, med ein heilårsverknad på 920 millionar. I eit elles stramt budsjett har regjeringa like fullt funne rom for ei historisk satsing på fastlegeordninga, fordelt på basisfinansiering, rekruttering og forsking.
– Vi tar krisa i fastlegeordninga på største alvor og foreslår ei styrking av fastlegeordninga med 690 millionar kroner i 2023, medan styrkinga for eit heilt år er på nær ein milliard kroner. Samtidig har vi sett ned eit hurtigarbeidande ekspertutval som skal foreslå konkrete forbetringar i forkant av statsbudsjettet for 2024. Dette er ei historisk satsing, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Eg er svært glad for å kunne legge fram eit budsjett som prioriterer tryggleik for vår felles velferdsteneste. Vi aksepterer ikkje ei utvikling der enkeltpersonar si betalingsvilje i aukande grad skal gi fortrinn som raskare eller betre helsehjelp. Det skaper sosial ulikskap. Ei berekraftig fastlegeordning er viktig for å motvirke ytterlegere privatisering, seier Kjerkol.
Betre og meir treffsikker basisfinansiering
Det er i dag for mange innbyggarar som ikkje har ein fastlege. Kronikarar og pasientar med samansette behov treng tettare oppfølging. For få unge legar vil bli allmennlegar og for mange erfarne legar sluttar. For at pasientane skal få eit betre tilbod, og fastlegane skal få ein betre arbeidskvardag med meir tid til pasientane, foreslår regjeringa å legge om og styrke basistilskotet i fastlegeordninga frå 1. mai.
Omlegginga inneber at basistilskotet blir styrka med 480 millionar kroner i 2023, medan styrkinga for eit heilt år er på 720 millionar kroner.
Med dette legg regjeringa til rette for at fastlegar kan ha kortare lister utan å tape inntekt, eller dei kan velje å tilsette anna personell i praksisen. Styrkinga skal bidra til å gi eit betre medisinsk tilbod, spesielt for dei som har meir omfattande behov for oppfølging.
Fastlegar med betre tid
Til dømes skal eldre, kronikarar og pasientar med samansette behov som rus og psykiatri oppleve at legen får betre tid til dei og til å samhandle godt med andre delar av tenestene.
– Vi vil framleis ha tett dialog med KS og Legeforeningen sånn at vi kan sikre ei best mogleg innretning av omlegginga i mai 2023. Ekspertutvalet skal også vurdere endringar i finansieringsmodellen. Vi meiner likevel det er viktig å gjere endringar i modellen allereie no, seier Kjerkol.
Betre tilrettelagt spesialisering
Eit tilrettelagt spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) er eitt av dei viktigaste tiltaka for å rekruttere fleire legar. ALIS skal gi auka tryggleik og økonomisk føreseielegheit for unge legar som spesialiserer seg, og dermed gjere det meir attraktivt å starte som fastlege.
For å sørge for at alle som startar på eit spesialiseringsløp i allmennmedisin kan få ein ALIS-avtale, foreslår regjeringa, som ein del av den historiske satsinga, å styrke den nasjonale ALIS-ordninga med 200 millionar kroner. Til saman blir det løyva 425 millionar kroner til ALIS-avtalar i 2023.
– Desse grepa vi tar no skal bidra til at vi får fleire legar inn i ordninga og at vi held på dei vi allereie har, seier Kjerkol.
Enklare å forske i allmennlegetenesta
Betre kunnskap gjennom forsking er sentralt for å utvikle framtidas helse- og omsorgsteneste, for riktigare prioriteringar og for det systematiske arbeidet med kvalitetsforbetring og pasientsikkerheit.
For å legge til rette for dette, foreslår regjeringa 10 millionar kroner til drift av PraksisNett i 2023.
PraksisNett er ein forskingsinfrastruktur som skal legge til rette for at forskarar skal kunne gjennomføre gode og kvalitetssikra kliniske studiar i norsk allmennpraksis.