Revidert nasjonalbudsjett
Heving av inntektsgrensene for bidragsforskott
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa vil heva inntektsgrensene i forskotteringsordninga slik at forskottmottakarar som mista, eller fekk redusert forskottet som følgje av økt utvida barnetrygd, skal kunne få rett til forskottet som før. Nye inntektsgrenser blir føreslått å gjelde frå 1. juli 2023.
– Regjeringspartia har prioritert å auke barnetrygda i statsbudsjettet for 2023 for å tryggja kvardagen for einslege forsørgjarar. Ved å heve inntektsgrensene for bidragsforskott, sørgjer me for at auken i utvida barnetrygd også kjem mottakarar av bidragsforskott til gode, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Bidragsforskott er ei behovsprøvd ordning og utvida barnetrygd er ein del av inntekta til den enkelte mottakaren. Nokre einslege forsørgjarar, som også får bidragsforskott, fekk derfor redusert eller avslutta utbetaling av bidragsforskott fordi den samla inntekta, etter auken i utvida barnetrygd frå 1. mars, har overskride inntektsgrensene i ordninga. Denne typen konsekvensar kan skje for behovsprøvde ordningar.
Regjeringas forslag om å avvikle særfrådraget i skatt for einslege forsørgjarar og å auka utvida barnetrygda var meint å forenkla støtta til einslege forsørgjarar.
Den ytterlegare auken på 5.000 kroner frå budsjettforliket med SV, innebar noko ekstra til einslege forsørgjarars økonomi i ei tid med høg pris- og kostnadsvekst.
– Me har no sett konsekvensane dette fekk for einslege forsørgjarar som også får den behovsprøvde ytinga bidragsforskott, og me gjennomfører endringar i ordninga, slik at økt utvida barnetrygd også kjem forskottmottakarane til gode, siger Toppe.
Regjeringas forslag vil auka løyvingsbehovet med 8,4 millionar kroner i 2023 samanlikna med vedteke budsjett.