Her er vinnarane av utmerkingane for sunnare kosthald
Nyheit | Dato: 09.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Fjordland og Opplysningskontoret for frukt og grønt er vinnarar av Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar for sunnare kosthald 2023.
Fjordland vant i kategorien Sunnare produkt med fisk i ferdigrettar, mens Opplysningskontoret for frukt og grønt vant i kategorien Sunnare marknadsføring med Smaksverkstedet - 5 om dagen barnehage.
– Det er sunt og bra for folkehelsa at forbruket av fisk og sjømat aukar. For å få til dette, er det viktig at aktørar som Fjordland satsar på et bredt utval av fiskerettar som er attraktive både for nye og meir tradisjonelle forbrukargrupper, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Dei ulike finalistane
Det var tre finalistar i kvar kategori.
I kategorien Sunnare produkt var finalistane
- Fjordland med fisk i ferdigrettar,
- TINE SA med mindre feitt i Norvegia original, og
- REMA 1000 med Grovt & Godt
I kategorien Sunnare marknadsføring var finalistane:
- Opplysningskontoret for frukt og grønt med Smaksdetektiv – 5 om dagen barnehage,
- Meny med Fiskeknappen, og
- Kiwi med momskutt på fisk
Viktig med godt grunnlag tidleg
I kategorien Sunnare marknadsføring vant Opplysningskontoret for frukt og grønt med sitt konsept Smaksdetektiv – 5 om dagen barnehage.
– Å legge grunnlaget for eit sunt kosthald i ung alder er viktig, fordi vi veit at matvanar ofte blir tatt med inn i vaksenlivet. Tiltak som dette kan føre til betydelege helsegevinstar for befolkninga på lang sikt, seier Kjerkol.
Vinnarane blei kåra på #MerAv-seminaet fredag 9. februar, som blei arrangert av Norges Frukt- og Grønnsaksgrossisters Forbund, Sjømat Norge, Baker- og Konditorbransjens Landsforening, Opplysningskontoret for frukt og grønt og Helsedirektoratet på Næringslivets hus i Oslo.
Helse- og omsorgsdepartementet sine utmerkingar skal fremje arbeidet som blir gjort i tilknytning til intensjonsavtalen om tilrettelegging for et sunnare kosthald. Utmerkinga skal gi ekstra merksemd til aktørar som gjer ein særlig innsats for å utvikle og/eller marknadsføre sunnare mat- og drikkevarer slik at det blir lettare for forbrukarane å ta sunnare val og ete sunt.
Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald er ein samarbeidsavtale mellom helsemyndigheitene og matbransjen for å betre kosthaldet i befolkninga. Avtalen går fram til 31. desember 2025.