Helse- og omsorgsministeren presenterte den samiske folkehelsemeldinga
Nyheit | Dato: 04.03.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet
Måndag 18. mars presenterte helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol stortingsmeldinga om folkehelse og levekår i den samiske befolkninga i Karasjok.
Presentasjon av den samiske folkehelsemeldinga
Sjå sendinga her
Den samiske folkehelsemeldinga tar for seg særskilde folkehelseutfordringar for den samiske befolkninga.
Den raude tråden er korleis regjeringa vil jobbe for å løyse desse utfordringane med utgangspunkt i samisk kultur og levemåte, og styrke levekår, helse og livskvalitet i den samiske befolkninga. Samiske perspektiv skal i større grad prege den nasjonale folkehelsepolitikken.
Meldinga bygger på folkehelsemeldinga som regjeringa la fram våren 2023, kor utjamning av sosial helseforskjellar er eit gjennomgåande tema og overordna målsetting.
Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og du kan sjå opptak av sendinga på denne sida. Her kan du også laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no for eventuelle spørsmål. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.