Gram fekk forsvarssjefen sitt fagmilitære råd
Nyheit | Dato: 07.06.2023 | Forsvarsdepartementet
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) fekk 7. juni det fagmilitære rådet frå forsvarssjef Eirik Kristoffersen.
– Det fagmilitære rådet er eit svært viktig innspel til den kommande langtidsplanen for forsvarssektoren, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Forsvarssjefen vart i fjor haust beden om å gi sitt fagmilitære råd til regjeringa om korleis Forsvaret og Noregs tryggleik bør bli styrka.
– Me skal byggja eit sterkare og meir robust forsvar. Gjennom tilrådingane frå Forsvarskommisjonen, Totalberedskapskommisjonen, forsvarssjefen og Nasjonalt tryggingsorgan, har me eit svært godt grunnlag for å ta avgjerder om korleis vi skal gjere dette, seier Gram.
I rådet gir forsvarssjefen konkrete tilrådingar innan følgjande område:
- Styrke eiga forsvarsevne med særleg vekt på nordområda
- Styrke samvirket med allierte og NATO
- Utvikle personell- og kompetanseområdet
- Motstå samansette trugslar og bidra til å redusera sårbarheita i samfunnet
- Styrke totalforsvaret og gjere samfunnet meir motstandsdyktig
- Auka evna til å ta i bruk ny teknologi som kan styrke forsvarsevna og gjere Forsvaret meir effektivt og moderne
Her kan du lese rådet: Forsvarssjefens fagmilitære råd 2023 - Forsvaret