Giellavahkku, Giellavahkko, Gïelevåhkoe, Kielâokko, Ǩiõllneäʹttel, Samisk språkveke
Pressemelding | Dato: 23.10.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Eg oppfordrar alle til å ta del i denne viktige språkdugnaden og blir med på markeringa av samisk språkveke, seier kommunal- og distrikstminister Erling Sande.
Samisk språkveke markerast i år frå 23. til 29. oktober. Målet er å synleggjere dei samiske språka i det offentlege rom, auke kunnskapen om samiske språk og bidra til å løfte statusen til Noregs urfolksspråk. Gjennom veka er det store og små arrangement rundt om i landet med samisk språk i fokus.
Auke samisk språkkompetanse på skulen
Kompetanse og rekruttering i barnehage, på skulen og i høgare utdanning er på dagsorden i årets stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Regjeringa sitt mål er at fleire skal velje samisk barnehage og samisk språk i heile grunnopplæringa, og at fleire ønsker å ta ein samisk profesjonsutdanning eller ein annan samisk høgare utdanning. I oppfølginga av stortingsmeldinga har regjeringa foreslått 15,6 millionar kroner til å styrke samisk språk og kultur i heile utdanningsløpet.
– Skal samiske språk overleve, er det heilt avgjerande at fleire vel samisk i barnehage, på skulen og på høgare utdanning, seier Sande.
Nye reglar legg til rette for styrking av dei samiske språka
I juni i år vedtok Stortinget endringar i språkreglane i sameloven. Den viktigaste endringa er at forvaltningsområdet for samiske språk blir delt inn i tre kategoriar, der krava til samisk språk vil variere etter kva kategori kommunen tilhøyrer.
Inndelinga tek omsyn til at språksituasjonen er forskjellig frå kommune til kommune, og vil gjere det enklare for fleire kommunar å bli samisk språkforvaltningskommune. Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2024.
– Enten kommunen har ei stor samisk befolkning eller ikkje, ønsker vi gjennom desse reglane å legge til rette for styrking og synleggjering av dei samiske språka. Urfolksspråka er ein viktig del av historia og kulten vår som vi må verne om, seier Sande.
Ta del i språkdugnaden
Kommunal- og distriktsdepartementet skal vere med å synleggjere vårt samiske språkmangfald, som ein del av ein felles innsats under den samiske språkveka i 2023.
Under veka har departementet sett opp ei utandørs fotoutstilling som er open for alle. I år kan du sjå utstillinga på St. Hanshaugen i Oslo. Utstillinga er laga av designbyrået Árvu og er ein reproduksjon av prosjektet Árbi/Arv: «Språket er vår arv. Da, nå og i generasjoner fremover».
– Eg oppfordrar private og offentlege institusjonar, organisasjonar og andre aktørar til å løfte fram det samiske språket denne veka, seier Sande.
Buorre giellavahkku! Buorre giellavahkko! Buerie gïele våhkoe!