Fylkesnytt frå Rogaland 2/2024

Statsforvalteren i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, med mellom anna ein artikkel om kystlynghei.

Rift om husdyrgjødsla i Rogaland?

Fleire biogassaktørar sonderer nå interessa frå bøndene i Rogaland for å levere husdyrgjødsel til sitt biogassanlegg. Frå å vere i ein langvarig fase der det meste låg på vent, har vi nå ein situasjon der det verserer skisser om bruk av meir husdyrgjødsel enn det som blir produsert i Rogaland. Syv initiativ presenterte sitt prosjekt på Rogaland biogassnettverk sitt temamøte i august, og det er fleire som i tidleg fase. Aktørane har hatt ulike informasjonsmøte for bøndene, der dei har informert om sine planar, rammevilkår og leveringsavtalar.

Framleis blir berre to prosent av husdyrgjødsla i Noreg brukt i biogassproduksjon, og det eit stort unytta potensiale for biogassproduksjon i eit så husdyrtett fylke som Rogaland. Taktskiftet er i tråd med nasjonale mål om at meir husdyrgjødsel skal nyttast i biogassproduksjon. Bøndene som snart må følgje ny gjødselbruksforskrift er opptekne av om biogassanlegga vil vere ei løysning for å møte strengare fosforkrav i jordbruket. Dei som planlegg biogassanlegg i Rogaland kan ikkje ta utgangspunkt i at dei kan levere heile bioresten tilbake jordbruket i nærleiken. Dei vil vere nøydde til å utarbeide løysningar for å handtere bioresten/fosforet i bioresten – ingen kvikk fiks, men absolutt mogleg.

Rogaland bondelag oppmodar bøndene om å ha «is i magen», og vere merksame på kva som står i avtalane. Vi går ei spanande framtid i møte.

Investeringsstøtte gir effekt – stadig fleire svinebesetningar har status som  SPF

Omlegging til SPF gir reduksjon i smittestoff og sjukdommar, og bidrar til betre dyrehelse og dyrevelferd. For å få status som SPF må føretaka sanere og slakte ut heile grisebesetninga, og starte opp igjen med ny SPF-gris.

Olav Tjelta er tilsett som prosjektleiar i SPF Rogaland og Vestland, og bidrar med å kartlegge og planlegge konkrete saneringar. Tjelta fortel at det stadig er nye besetningar som vel å sanere. Det blir no produsert omkring 150 000 SPF-smågris per år i Rogaland.  – Me har tru på at me kjem opp til  50 prosent SPF i løpet av 2025, seier Tjelta.  Han fortel òg at Randaberg kommune snart er i mål som “heilt fri”.

SPF= Spesifikk patogenfri gris

SPF står for «Spesifikk Patogen Fri», det vil seie at grisen er fri for spesifikke sjukdomsbringande smittestoff. SPF-grisen er blant anna fri for APP som kan forårsake lunge- og brysthinnebetennelse hos gris. APP er forkortinga for namnet på bakterien som kan gi denne sjukdommen. APP utgjer den største utfordringa.

Ein gris ser opp frå grisebingen.
Ein nysgjerrig gris. Foto: Monica Dahlmo

Rogaland har 30 prosent av all grisen i Noreg, og det blir produsert 36 782 tonn svinekjøtt i regionen per år. Fylket har derfor ein viktig rolle i nasjonal matvareberedskap. I enkelte område ligg svinebesetningane tett. Det gir eit aktivt svinemiljø, men bidreg òg til auka smitterisiko. Svinenæringa har både kunnskap om og erfaring med luftsmitte innanfor ein gitt avstand. Derfor krev omlegging til SPF ofte at fleire partar blir involverte. 

Marie Nøkling, spesialveterinær gris i Nortura, fortel at Rogaland har meir smågris enn kva som er etterspurd, men for lite av SPF-smågris.  - Slaktegrisprodusentar etterspør SPF-smågris, fortel Nøkling. 

Olav Tjelta fortel at nokre saneringar kan vere vanskelege å få til sjølv om bonden vil. Dette grunna finansiering og /eller nærleik til andre svinebesetningar. I dei regionale prioriteringane for 2023 blei det opna for at Innovasjon Norge kunne støtte investeringar i samband med omlegging til SPF-gris. –– Dette har vore eit viktig verkemiddel for å få fleire produsentar til å sanere til SPF-gris. Spesielt har dette vore ein viktig faktor for å få til områdesanering. No er potten tom, og inntil me får meir pengar, så stoppar prosjektet nærast opp, fortel Tjelta.

1 av 3 ammekyr i Rogaland står framleis oppstalla på bås i vinterhalvåret

148 bønder i Rogaland som har ammekyr oppstalla på bås har i ei undersøking svart at dei vil fortsette med ammekyr etter 2034. Det er dermed behov for minst 15 nye eller ombygde ammekufjøs per år fram mot 2034. Krav om lausdrift for alle storfe frå år 2034 var bakgrunnen for undersøkinga, og tre hovudargument var avgjerande for at den regionale landbrukspartnarskapen ville få «meir kjøt på beinet»:

 

  • Lausdriftskravet i mjølkeproduksjon fått betydeleg merksemd dei seinare åra, medan ammekuproduksjon har falt litt utanfor. Verken slakteria, faglaget Tyr, kjøtkontrollen eller offentlege etatar hadde oversikt over kor mange besetningar og mordyr som er oppstalla på bås i vinterhalvåret.
  • Situasjonen i marknaden har gjort at ammekuproduksjonen dei siste åra ikkje har blitt prioritert ved tildeling av midlar frå Investerings – og bedriftsutvikling i landbruket (IBU).
  • Dyrevelferd er blitt meir vektlagt i dei nasjonale føringane for tildeling av IBU-midlar dei to siste åra.

Fatland, Nortura, Prima, Tyr, Innovasjon Norge og Statsforvalteren har derfor kartlagt oppstallingstype og investeringsbehov på føretaksnivå i ammekuproduksjonen i Rogaland.

Høg svarprosent

Oversikt frå søknad om produksjons- og avløysartilskot oktober 2023 viser heile 976 føretak i Rogaland som er registrerte med minst ei ammeku. I undersøkinga er føretak registrert med mjølkekyr og som har under 6 ammekyr og/eller ikkje 50 prosent kjøtferase (ammetanter) tatt ut. Totalt blir det 942 produsentar i Rogaland. Heile 641 produsentar har svart på undersøkinga, noko som gir ein svarprosent på 68.

Jærkommunane har nær halvparten av ammekyrne

36 prosent oppgir at dei har ammekyr oppstalla på bås i vinterhalvåret. Totalt har dei som svarte 12 665 mordyr som gir ein gjennomsnittleg besetningsstorleik på 20 ammekyr. 4095 mordyr (32 prosent) står oppstalla på bås, og 8570 mordyr er i lausdrift i vinterhalvåret. Det betyr at lausdriftsbesetningane er større enn dei som står på bås. Nær halvparten av båskyrne finn vi i Jærkommunane Hå, Klepp, Time, Sandnes og Gjesdal, som til saman har 1875 mordyr på bås.

Minst avgang i distrikta

85 produsentar antar at dei vil gi seg innan 2034, og desse har i dag 1476 ammekyr. Av dei som vil gi seg er det størst prosentvis avgang av føretak i Jærkommunane, i Gjesdal, Klepp, Sandnes og Time kommune med høvesvis 50, 50, 47 og 46 prosent av føretaka. Minst avgang i dyretal har distriktskommunane Lund, Bjerkreim og Tysvær med høvesvis 22, 26 og 30 prosent.

2 av 3 ammekyr på bås blir å finne igjen i lausdriftsfjøs

Av dei 233 produsentane som har båsfjøs, har 148 svart at dei vil produsere vidare etter 2034. Det er etter dette behov for minst 15 nye eller ombygde ammekufjøs per år fram mot 2034. Dette vil bli krevjande sett i høve til det generelle investeringsbehovet i Rogaland, med stor konkurranse om IBU-midlane.

Ammekyr på beite
Ammekyr på beite. Foto: Eli Munkeby Serigstad

Kommunal oppfølging av driveplikta

Statsforvaltaren i Rogaland har gjennomført ei spørjeundersøking hjå kommunal landbruksforvaltning om korleis dei forvaltar regelverket etter jordlova, med særleg vekt på oppfølging av driveplikta. Bakgrunnen for undersøkinga var mellom anna Riksrevisjonen sin rapport om «Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet» (okt. 2023) der det går fram at arealressursane i jordbruket ikkje blir forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, jf. kapittel 4.3. Konklusjonen i rapporten var knytt opp til låg dreneringsaktivitet, omfattande omdisponering av jordbruksareal, at jordbruksareal ikkje er i drift og at oppfølging av driveplikta er for dårleg. Det har og vore to saker knytt til leigeavtalar etter jordlova § 8, 2. ledd i rettsapparatet dei siste åra som er interessante, høvesvis HR-2023-2167-A og LE-2022-61700.

Leigejord i Rogaland

Leigejordsprosenten i Rogaland i 2023 var 38 prosent for fylket totalt. Talet er basert på tal for produksjonstilskotssystemet, og gjeld berre areal som kvalifiserer for tilskot. Det er likevel kommunar der 60 prosent av jorda blir drifta på leigejord. I følgje tal frå SSB (Statistikkbanken 12658: Jordleige) hadde 57 prosent av alle jordbruksføretak i Rogaland leigejord som del av si drift i 2022.

Leigejord
Kjelde: Produksjonstilskot (Landbruksdirektoratet, Estil-Ptil). Foto: Morten Svanes, Statsforvaltaren i Rogaland.

Studentoppgåve: «Oppfølging av driveplikt av dyrkbar jord i kommuner i Rogaland»

For å undersøke forvaltningspraksis for oppfølging av driveplikta fekk Statsforvaltaren i Rogaland god hjelp frå Kristine Vanebo-Bøe, praksisstudent frå UiS. Ho utforma undersøkinga i samarbeid med landbruksavdelinga, og stod for utsending, innhenting og samanstilling av resultata som blei brukt inn i hennar praksisoppgåve.

 20 av 23 kommunar svarte på undersøking. Svara viser:

  • stort spenn på kor mange leigeavtalar kommunane får tilsendt kvart år. Dei fleste ligg i sjiktet 10-15 avtalar årleg, men det varierer frå ingen til heile 37 avtalar på eitt år.
  • Kommunane sjekkar at avtalane følgjer opp krava i lova om å vere skriftlege, 10 års varigheit, ikkje kan seiast opp av eigar, og fører til ei driftsmessig god løysing.
  • På spørsmålet om kor vidt kommunane har inntrykk av om leigejord blir dårlegare vedlikehalde enn eigd jord, svarar 75% av kommunane at det er deira oppfatning. Gjennomgåande er dette knytt til dårlegare drenering, manglande vedlikehald av gjerder, at leigejord blir nedprioritert når det gjeld grøfting og at ugras ikkje blir nedkjempa på same måte på eigd jord.
  • Nokre peikar likevel på at det i enkelte område er såpass rift om areala, at om areala ikkje blir drive ordentleg, så kan leigetakar diskvalifisere seg som vidare leigetakar eller som framtidig kjøpar om jorda kjem for sal.
  • Halvparten av kommunane svarer at dei har eit system for korleis dei følgjer opp leigeavtaler, rettleiar nye eigarar av landbrukseigedom og følgjer moglege brot på driveplikta og får inn leigeavtalar.
  • Kommunane uttrykker at det er lettare å følgje opp med trekk i produksjonstilskot enn å vurdere misleghald av driveplikta etter jordlova. Dette skuldast nok at det er tydelegare definerte krav til å kvalifisere for produksjonstilskot etter produksjonstilskotsforskrifta og tilhøyrande rundskriv og rettleiing, enn kva som ligg i å oppfylle driveplikta.

Svara i spørjeundersøkinga er langt på veg samsvarande med Riksrevisjonens rapport. I følgje Riksrevisjonen er 50 % av alt landbruksareal er leigd, men berre 30 % av drenerings-aktiviteten skjer på leigd jord. Trenden i Rogaland er den same. Tal frå søknad om dreneringstilskot viser at det skjer vesentleg mindre dreneringstiltak på leigd jord enn på eigd jord.

Dreneringstilskot
Kjelde: Innvilga dreneringstilskot. Foto: Nono Dimby, Statsforvaltaren i Rogaland.

Kommunal oppfølging av driveplikta

Spørjeundersøkinga avdekker elles at det er veldig få saker knytt til brot på driveplikt i kommunane i Rogaland. Det kan skuldast at kommunane er flinke til å rettleie eigarar og leigetakarane om dei lovfesta krava. Men at det berre har vore ei sak i 20 kommunar dei seinaste 2 åra der manglande leigeavtale har blitt behandla som brot på driveplikta, kan også tale for at det er for lite ressursar til å følgje dette opp. Av alt kommunal landbruksforvalting skal gjere, er ikkje kontroll av desse leigekontraktane det som er høgast på prioriteringslista. Spesielt i eit område kor det er stor etterspørsel etter leigejord. Likevel syner klart lågare dreneringsaktivitet på leigd jord kontra eigd at leigejordsproblematikken er høgst relevant også i Rogaland.

[1] Einskilde kommunar har derimot eit ganske høgt tal.

Kystlynghei – å legge til rette for eit matsystem for framtida

I Rogaland har det gjennom fleire år blitt arbeidd systematisk for å få meir og betre skjøtsel av kystlyngheia i fylket. Det har vore fleire  informasjonsmøte og brennekurs i kommunane, og naturtypen har sidan innføringa av Regionalt miljøprogram vore prioritert for miljøtilskot. Dette ser vi att på utviklinga over kor mange som søker regionalt miljøtilskot til naturtypen.

Våre analysar av data frå Miljødirektoratet viser at det er ca. 580 000 dekar kystlynghei i Rogaland. Tala har vi brote ned på kommunenivå og samanlikna dei med tal frå beitetilskotet til kystlynghei i Regionalt miljøprogram. Statistikken viser at om lag 50 prosent av kystlyngheia er i aktiv skjøtsel i dei fleste kommunane. Det blir mobilisert for meir skjøtsel. Norsk Landbruksrådgjeving, Haugalandet Lyngbrannreserve har saman med Høgskulen på Vestlandet, årlege lyng- og villbrannseminar.  organisering av lyngbrennerane, samarbeid med brannvesenet, forsikring, og beredskapsbrenning er tema det blir arbeidd med, og det er viktig å ha gode møteplassar for å dele erfaringar om lyngbrenning.

Lyngnettsamling
Lyngnettsamling. Foto: Margit Reiersen

Skogbruk og friluftsliv i bynære områder med status vernskog

Det kan være krevende å finne en god balanse mellom skogbruk og friluftsinteresser. Spesielt i kystnære pressområde med lite skog og der skogen har status som vernskog. Statsforvalteren har erfart dette i flere dispensasjonssaker frå vernskogreglene om hogst, hogstutforming og størrelse på hogstflatene.

De by- og kystnære skogene i Rogaland blir brukt flittig til friluftsliv. Skogene er ofte plantet barskog med gran og sitkagran som hovedtreslag. I våre vind og værutsatte områder langs kysten gir barskogen skogen godt klimatisk vern gjennom hele året og er attraktive friluftsformål. Dette er og litt av bakgrunnen for at skogen her har status vernskog ut mot kysten. Vernskogen er forskriftfestet med grunnlag i behovet for klimatisk vern av skogareala, annen skog eller andre viktige areal (jordbruk, busetting og friluftsliv).  Hos oss har mange kommuner egne forskrifter fastsatt på 1990 tallet med hjemmel i den gamle skogbruksloven fra 1965. Det vil nå bli satt i gang et arbeid med å revidere disse forskriftene etter oppdrag fra LMD og Landbruksdirektoratet.

Flere av våre skogteiger består av eldre, høyreist og ensaldret barskog, der det ikke har vært skogbruksaktivitet siden de ble tilplantet på 1950-,1960- og 1970 tallet. Eldre og mer lysåpen skog er positivt for friluftsinteressene. Det å unngå vindfelling ved hogst i slike bestand/mindre teiger er nesten umulig, selv om en unngår å åpne opp mot herskende vindretning. Skogfaglig er ofte svaret at alt må hogges samtidig når det ikke finnes naturlige åpninger og stabile kanter å hogge mot, og ofte betyr det større flater enn det som vernskogregelverket åpner opp for.

Det er store hogstflater som skaper størst reaksjoner, og der Statsforvalteren hos oss må inn å dispensere fra maksimal flatestørrelse på 10 dekar i vernskogreglene. Vi har stor forståelse for at større hogstfelt på 40-50 dekar og oppover kan skapet reaksjoner i et bynært område brukt til rekreasjon over lang tid.

Vernskogbegrepet kan skape forvirring hos mange. Flere tror at vernskog er fredet mot inngrep på linje med tradisjonelt skogvern, og at det derfor ikke kan drives et næringsretta skogbruk. Bruk og utnytting av grønne og fornybare ressurser til skogeier og samfunnets beste høster og derfor lite forståelse. Den ensaldra skogen må hogges og fornyes på et tidspunkt for å opprettholde både vernskog- og friluftsfunksjon. Vernskogen hos oss er ofte høgproduktive og karbonrike areal med treslag som utnytter produksjonspotensialet og takler de klimatiske forholda langs kysten godt, både vind og saltråk.  Høy produksjon gir også god avkastning og inntekt. Driftsnetto på mellom 20 – 30 000 kr per dekar ikke uvanlig på hogst av hogstmoden sitkagran med dagens prisnivå. Erfaringene fra disse litt større hogstene i bynære områder, blir at en i neste omløp må legge til rette for mer etappevis hogst i tråd med vernskogreglane, uten for stor vindfellingsrisiko. I praksis inndeling i mindre bestand, og der en etablerer korridorer med lauvskog langs turstier og kantoner mot vassdrag, og utnytter naturlige åpninger for å skape stabile bestand. Da vil en i framtiden unngå store hogstflater som ofte skaper konflikter med andre interesser i bynære områder.

Vi har gode eksempler på at det det går an å kombinere både aktivt skogbruk og friluftsliv på en svært god måte. 

Eksempel

Njåskogen på Jæren er en av de mest besøkte skogene, med besøkstall på over 600 000 personer i løpet av året. I tillegg er dette en av de mest aktivt drevne skogeiendommene med mye hogst og planting. Samarbeid med kommunen og brukere, god tilrettelegging for friluftsliv – stier/sykkelstier, gapahuker/sitteplasser og gode parkeringsmuligheter gjør at konfliktnivået er lavt. Sammen med god og tidlig informasjon om hogstaktiviteter og fornying av skogen viktig for å dempe konfliktnivået. Njåskogen er derfor et godt eksempel på at det går å kombinere både friluftsliv og aktivt skogbruk.