Statsbudsjettet 2025
Full momskompensasjon og 2,65 milliardar til frivilligheita og idretten
Pressemelding | Nr: 52/24 | Dato: 07.10.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Enno ein gong prioriterer regjeringa frivilligheita ved å legge opp til full meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar.
– Slik styrker vi frivilligheita og bidreg til aktivitet og deltaking i heile landet. Regjeringa er opptatt av at barn og unge skal ha like moglegheiter. Meir pengar til frivillige organisasjonar og idrettslag betyr at fleire barn og unge får ta del i kultur- og idrettsaktivitetar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Gjennom ordninga blir organisasjonane kompenserte for moms ved kjøp av varer og tenester. Ordninga er enkel og ubyråkratisk og det er ikkje krav om rapportering.
I fjor fekk heile 23 000 organisasjonar pengar frå ordninga, dei fleste var små lag og foreiningar.
For 2025 foreslår regjeringa å auke ordninga med 210 millionar kroner til totalt 2,65 milliardar kroner.
Også full kompensasjon på anlegg
Regjeringa foreslår i tillegg full momskompensasjon for idrettslag ved bygging av idrettsanlegg, og set av nær 390 millionar kroner til føremålet. Idrettsanlegga er viktige for å legge til rette for at barn og unge kan delta i idrettsaktivitetar og oppleve meistring og fellesskap.
– Med dette innfrir regjeringa lovnaden i Hurdalsplattforma om full momskompensasjon også i 2025. Det har vi gjort alle år sidan vi tiltredde, noko inga regjering før har klart. Samla har vi auka ordninga med 900 millionar kroner frå Solberg-regjeringas siste budsjettforslag, seier Jaffery.