Genteknologiutvalet legg fram si utgreiing
Nyheit | Dato: 01.06.2023 | Klima- og miljødepartementet
Tysdag 6. juni legg Genteknologiutvalet ved utvalsleiar Anna Wargelius fram utgreiinga si for Klima- og miljøminister Espen Bart Eide.
Genteknologiutvalet vart nedsett av Solberg-regjeringa 30. november 2020. Mandatet frå utvalet var å greie ut om genteknologi, nye teknikkar og reguleringa av genmodifiserte organismar.
Informasjon om mandat, medlemmer og innspel utvalet har fått finn du på Genteknologiutvalet si nettside.
Program:
- Presentasjon av hovudfunn ved utvalsleiar Anna Wargelius.
- Statsråd Espen Barth Eide tar imot utgreiinga
- Spørsmål frå salen
Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet,
Kongens gate 18-20
Tid: Tysdag 6. juni kl. 14:00 – 15:30
Påmelding innan 5. juni klokka 14.
(Sjå påmeldingskjema nederst i saka)
Påmelde blir bedne møte i god tid for registrering i resepsjonen. Ta med gyldig ID og pressekort.
Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på regjeringen.no (Lenkje til sendinga blir lagd ut på denne sida kort tid før arrangementet byrjar).
Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette blir nådd på telefon 22 24 88 45 eller dss-videoproduksjon@dss.dep.no.