Statsbudsjettet 2023
Realvekst for høgare utdanning og framleis høg aktivitet i forsking
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa føreslår å løyve rekordhøge 42,8 milliardar kroner til universiteta og dei statlege og private høgskulane i 2023. Det er ein realvekst på 0,3 prosent. Det er 6,7 milliardar kroner meir enn i 2019, som var det siste budsjettet før dei ekstraordinære korontatiltaka. Samstundes aukar den nominelle satsinga på forsking og utvikling med 1,1 milliardar kroner, som er ein realnedgang på 1,1 prosent frå 2022. Noko av nedgangen skuldast utfasing av koronatiltaka.
– Etter to år med pandemi må vi meir tilbake til normalen. Likevel vidarefører og aukar vi nivået frå 2022, og det har aldri vore føreslått meir pengar til fagskulane, høgskulane og universiteta. Det viser at regjeringa, også når budsjettet er stramt, prioriterer forsking og utdanning, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).
I 2022 vart det tilbydd rekordmange studieplassar, og aldri før har fleire fått tilbod om den utdanninga dei ønsker seg mest. Budsjettforslaget legg opp til det same høge nivået i 2023.
500 nye fagskuleplassar
Regjeringa har høge ambisjonar for høgare yrkesfagleg utdanning og føreslår derfor å setje av pengar til 500 nye studieplassar i fagskulane i statsbudsjettet for 2023.
– Fagskulane speler ei nøkkelrolle i å møte kompetansebehovet i heile Noreg. Nye studieplassar vil sikre at endå fleire får tilgang til utdanningar skreddarsydde til behova i arbeidsmarknaden, seier Borten Moe.
Nye studieplassar i medisin og nukleære fag
Satsinga innanfor høgare utdanning inneber setje av pengar til 30 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og å trappe opp dei 80 studieplassane i medisin frå 2020. Regjeringa foreslår også å opprette 40 nye plassar i nukleære fag, likt fordelt mellom Universitetet i Oslo og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
Dei 4 000 studieplassane i høgare utdanning frå 2020, kom som følge av den høge arbeidsløysa under koronapandemien og skulle normaliserast i tråd med konjunkturutviklinga. No er det rekordlåg arbeidsløyse, og desse studieplassane vil, med nokre unntak, bli fasa ut framover. Samstundes legg regjeringa til grunn at talet på studieplassar samla sett vil bli på dagens nivå, fordi løyvingane til universitet og høgskular blir verande høge.
– I tillegg vil innføringa av skulepengar for internasjonale studentar frå utanfor EØS/Sveits frigjere om lag 2 600 toårige studieplassar. Dette er plassar som kan brukast til studentar frå Noreg og andre EØS-land, så innføringa av studieavgift er derfor også eit viktig bidrag for å oppretthalde den samla kapasiteten i høgare utdanning. Det gir også moglegheiter for ekstra inntekter og vekst for universiteta og høgskulane, seier Borten Moe.
Regjeringa føreslår å løyve 42,8 milliardar kroner til universiteta og dei statlege og private høgskulane i 2023. Det er ein auke på 1,4 milliardar kroner nominelt samanlikna med 2022, og 6,7 milliardar kroner nominelt samanlikna med 2019, justert for omlegginga til ny pensjonspremiemodell. Realauken er 0,3 prosent frå 2022 og 5 prosent frå 2019. Regjeringa føreslår å auke løyvingane til studieplassar og resultatbasert utteljing med 543,1 millionar kroner. 329,2 millionar kroner av desse er opptrapping av pengar til tidlegare tildelte studieplassar.
I tillegg foreslår regjeringa å løyve 53,7 millionar kroner for å planlegge utviklinga av eit nytt IT-system for Samordna opptak. Målet med dette er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system, for å sikre opptaket til universitet, høgskular og fagskular.
- Regjeringa føreslår 26,2 millionar kroner til 500 nye studieplassar ved fagskulane, inkludert utgifter til utdanningsstøtte. Pengane til nye studieplassar i fagskulane vil bli fordelte på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet hos fagskulane.
- Regjeringa føreslår å setje av pengar til 30 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og til å trappe opp midlane for dei til saman 80 studieplassane i medisin tildelte i 2020.
- Regjeringa føreslår midlar til 40 studieplassar i femårige utdanningar i nukleære fag, likt fordelt mellom Universitetet i Oslo og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
- Regjeringa føreslår å auke dei søknadsbaserte ordningane for studiesenter og desentralisert og fleksibel utdanning med 10 millionar kroner. Samla er ordninga på 200 millionar kroner i 2023.
Noreg i verdstoppen på offentleg finansiert forsking
Den totale offentlege innsatsen på forsking og utvikling (FoU) i statsbudsjettet for 2023 er berekna til å verte 43,6 milliardar kroner. I OECD-sameanheng betyr det at Noreg ligg heilt i toppsjiktet på offentleg finansiert forsking. I 2023 er det ein nominell auke på 1,1 milliardar kroner, som er ein realnedgang på 1,1 prosent frå i år. Av totalen går over 10 milliardar kroner til Noregs forskingsråd.
– Vi vil halde eit høgt nivå på løyvingane til forsking og utvikling i 2023. For eigen del har Kunnskapsdepartementet ein auke i våre største løyvingar til forsking på om lag 125 mill. kroner. Til saman bidreg vi med i underkant av halvparten av budsjettet til Forskingsrådet. Regjeringa skjermar altså den langsiktige, grunnleggande forskinga og midlar til forskingsinfrastruktur, seier Borten Moe.
Meir tid og fleksibilitet for Forskingsrådet
Regjeringa ber Stortinget om tid og fleksibilitet for at Forskingsrådet skal få rydda opp i den økonomiske situasjonen som blei avdekka våren 2022. Regjeringa føreslår at Forskingsrådet i 2023 får dei same fullmaktene som dei har hatt i år. Det betyr at dei kan nytte pengar på tvers av postar i budsjettet sitt ved behov og ha negative avsetningar på einskilde postar fram til forslag til ny budsjettmodell for Forskingsrådet blir lagd fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2024.
– Tid og fleksibilitet er eit svært viktig bidrag for å løyse utfordringane til Forskingsrådet på ein best mogleg måte for forskinga og forskarane, seier Borten Moe.
- Regjeringa føreslår å vidareføre satsinga gjennom Noregs forskingsråd på 25 millionar kroner til forsking i kjernefysikk og kjernekjemi frå revidert budsjett. Dette skal styrke Noregs kunnskapsberedskap på det nukleære området.
- I tillegg foreslår regjeringa i grøn nærings- og eksportomstillingspakke ei rekke tiltak som går til forsking, utvikling og innovasjon (lenke til NFDs pressemelding/nettsak).
- Regjeringa føreslår at ramma for Retur-EU blir sett til 500 millionar kroner frå og med 2023 for å støtte opp om deltakinga til dei norske institutta i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.
- Regjeringa legg fram den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning
Satsar på Blått bygg, Livsvitskapsbygget, nytt Vikingtidsmuseum og campussamling på NTNU
Regjeringa føreslår å gå vidare med fire store byggeprosjekt i sektoren og vil i 2023 bruke 1 450 millionar kroner på Livsvitskapsbygget og 525 millionar kroner på nytt Vikingtidsmuseum, begge ved Universitetet i Oslo. I tillegg føreslår regjeringa 259 millionar kroner til Blått bygg ved Nord universitet og 73 millionar kroner til vidare prosjektering av NTNU Campussamling.
– Dei siste åra har for mange av byggeprosjekta i sektoren vorte for dyre og har kosta meir enn planlagd. Det går ikkje lengre. Regjeringa fremjar difor ikkje forslag no om startløyving for nytt Tromsø museum, men vil gi Universitetet i Tromsø i oppdrag å greie ut rimelegare løysingar. Den klare forventinga vår er at heile sektoren ser på korleis behova for gode og tilpassa lokale kan bli oppfylte på nøkterne og rimelege måtar, seier Borten Moe.