Forskings- og høgare utdanningsministeren til Innlandet

Torsdag 29. august reiser statsråd Oddmund Hoel (Sp) til Lillehammer, Blæstad og Elverum. På programmet er kompetanse i Innlandet, utvikling og moglegheiter på høgskulecampusen på Blæstad og treff med ferske sjukepleiar- og fysioterapistudentar.

Program:

Kl. 10: Hoel held innlegg på ope møte: Korleis skal vi sikre rett kompetanse i Innlandet?

  • Stad: Lillehammer bibliotek

Kl. 12: Besøk på Høgskolen i Innlandet sin campus på Blæstad

  • Stad: Høyvangvegen 40, 2322 Ridabu

Kl. 13.30: Hoel møter nye studentar på sjukepleie og fysioterapi i Elverum. Men nye inntakskrav har Høgskolen i Innlandet fylt alle studieplassane på sjukepleie. Saman med den splitter nye fysioterapiutdanninga er dette viktige grep for å skaffe nok kvalifisert helsepersonell i regionen.

Journalistar som ønsker å delta, kan kontakte senior kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Johanne Severinsen: johanne.severinsen@kd.dep.no, 91114868