Revidert nasjonalbudsjett
Forlenging av foreldrepengeperioden med 80 prosent dekning
Pressemelding | Dato: 11.05.2023 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa vil gi foreldre auka fleksibilitet i foreldrepengeordninga og gjera kvardagen for både mor og far lettare i småbarnsperioden. Derfor ønskjer regjeringa at den samla utbetalinga for å velja 80 prosent eller 100 prosent i foreldrepengeordninga blir lik. Det blir no sett i gang eit arbeid for å endra dagens ordning.
– Ei slik omlegging vil gi foreldra meir valfridom og større høve til å vera lenger heime med barnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Foreldre med opptent rett til foreldrepengar kan i dag velja å få 100 prosent inntektsdekning i 49 veker eller 80 prosent inntektsdekning i 59 veker. Med dagens reglar vil den samla utbetalinga foreldrepengar ved redusert dekningsgrad vera lågare enn ved full dekningsgrad.
Det har over tid vore ein tendens til at fleire foreldre vel 100 prosent foreldrepengar, fordi dette alternativet er meir lønnsamt enn 80 prosent. Ein del foreldre kombinerer då 100 prosent med ulønt permisjon.
– Eg er bekymra for at så mange tek ut ulønt permisjon. Ei forlenga foreldrepengeperiode med 80 prosent kan bidra til å redusera det. Så har me vore opptekne av at dei som vil amma, skal få gjera det. Dette kan hjelpa til at dei kan ta noko lengre foreldrepermisjon, seier Toppe.
Regjeringa ser ingen grunn til at samla yting ved 80 prosent skal vera lågare enn ved 100 prosent. Å ta ut ulønt permisjon er ikkje uproblematisk, sidan arbeidstakaren i denne perioden mistar nokre arbeidstakarrettar, pensjonsopptening og ansiennitet. Skeivfordelinga av ulønt permisjonsuttak mellom kvinner og menn kan ha ein slik uheldig likestillingskonsekvens.
Regjeringa tek sikte på å gjennomføre endringa i 2024.