Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Foreslår forlenga stønadsperiode for AAP-mottakarar

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Regjeringa foreslår å forlenge retten til arbeidsavklaringspengar (AAP) til 30. juni 2022 for mottakarar som er under arbeidsavklaring. I tillegg har departementet starta eit arbeid med å vurdere ulike tiltak for å ivareta personar som ikkje har fått avklart arbeidsevna si når AAP-perioden går ut.

– Regjeringa foreslår å forlenge retten til AAP til 30. juni 2022 for mottakarar som er under arbeidsavklaring. Parallelt med dette er regjeringa i gong med eit arbeid for å vurdere tiltak for ivareta personar som ikkje er ferdig avklart ved utløpet perioden med AAP, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik.

Som det kjem fram i Hurdalsplattforma, ønskjer regjeringa å sørge for at personar som mottek AAP får forlenging dersom dei ikkje er ferdig avklart frå NAV eller helsetenesta. Det vil krevje lovendring å få til.

Regjeringa har allereie sikra forlenga periode ut året til alle som har ein AAP-stønadsperiode som går ut i perioden 30. september til 30. desember 2021, og som ikkje har fått avklart arbeidsevna si når stønadsperioden går ut. Regjeringa foreslår nå at stønadsperioden blir ytterlegare forlenga for mottakarar som når maksimal stønadsperiode i perioden 31. desember 2021 til 29. juni 2022.

– Forslaget gjev folk ein tryggare og meir føreseieleg kvardag, seier Tajik.