Statsbudsjettet 2023
3,58 milliardar kroner til framleis satsing på Langskip
Pressemelding | Dato: 06.10.2022 | Energidepartementet
Regjeringa vil halde fram med å bidra til utvikling av ny teknologi for fangst, transport og lagring av CO2, og foreslår å løyve 3,58 milliardar kroner til det største klimaprosjektet i industrien – Langskip.
— Langskip er det største klimaprosjektet i industrien nokon sinne og eit viktig grep mot globale klimaendringar. Me ser at det er aukande interesse for fangst og lagring av CO2 både blant norske aktørar og i landa rundt oss. Me vil leggje til rette for at dei som satsar på lagring på norsk sokkel kan realisere sine planar. For å nå måla i Parisavtalen er verda heilt avhengig av karbonfangst og -lagring, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
Forslaget til løyving omfattar CO2-fangstprosjekt på sementfabrikken til Norcem i Brevik og på avfallsforbrenningsanlegget til Hafslund Oslo Celsio på Klemetsrud i Oslo. Forslaget omfattar også transport og lagring av CO2 på kontinentalsokkelen ved Northern Lights.
Internasjonalt samarbeid
Lagerinfrastrukturen på norsk sokkel blir bygd ut med ledig kapasitet som også kan utnyttast av fangstprosjekt i andre land. Etterfølgjande anlegg i Europa og verda er ein føresetnad for at CO2-handtering skal kunne bli eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak.
Langskip skal demonstrere at CO2-handtering er trygt og mogleg og leggje til rette for læring og kostnadsreduksjonar for komande prosjekt. Langskip kan også leggje til rette for næringsutvikling gjennom å bevare, omstille og skape ny industri og næringsverksemd i Noreg. Northern Lights opplever stor interesse for transport- og lagertenestene og har inngått sin første kommersielle avtale med den internasjonale aktøren Yara i Nederland. Det inneberer at Northern Lights har inngått kontraktar tilsvarande det årlege lagringspotensialet for første fase på 1,5 millioner tonn CO2. Det skjer også mykje studiearbeid for å vurdere korleis utsleppskjelder og moglege lagringslokasjonar i Europa kan koblast saman.
Olje- og energidepartementet har ansvaret for og følgjer opp avtalane med Norcem, Northern Lights og Hafslund Oslo Celsio og arbeidet med å realisere gevinstar frå prosjekta. I budsjettet blir det også foreslått å løyve 97,5 millionar kroner til Gassnova, som blant anna følgjer opp industriaktørane si prosjektstyring av Langskip. Dette omfattar kostnads- og risikostyring og arbeid med gevinstrealisering for Langskip i samarbeid med industriaktørane.
Bakgrunn
- Stortingsmelding 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2 gir ein omfattande omtale av Langskip, det norske demonstrasjonsprosjektet for CO2-handtering og satsinga på CO2-handtering. Ho blei vedteke i januar 2021.
- Forventa kostnader for Langskip er 27,6 milliardar 2022-kroner. Staten sitt bidrag er forventa å vere på 17,9 millardar 2022-kroner.
- Staten, ved Olje- og energidepartementet, inngjekk 29. juni 2022 en revidert tilskotsavtale med Hafslund Oslo Celsio om finansiering av eit CO2-fangstprosjekt ved avfallsforbrenningsanlegget på Klemetsrud.
- Byggearbeida hjå Norcem og Northern Lights starta i januar 2021, med planlagt oppstart i 2024. Arbeidet med Hafslund Oslo Celsios CO2-fangstprosjekt vart starta i juli 2022, med planlagt oppstart i 2026.
Les meir: Tidslinje for Langskip (CCS)