Forenklar byggjesøknader – DiBK vann innovasjonspris
Pressemelding | Dato: 24.10.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har blitt tildelt prisen «Årets fyrlykt 2024» og publikumsprisen for utviklinga av det KI-baserte verktøyet «Planslurpen».
Når ein skal byggje, kan det ofte vere tidkrevjande å finne fram til og forstå kva for reguleringar som gjeld for ei tomt.
Verktøyet «Planslurpen» nyttar kunstig intelligens til å hente ut nøkkelinformasjon frå reguleringsplanar. Slik kan innbyggjarar enkelt få tilgang til relevant informasjon om byggjeføresegner for sin tomt, utan å måtte navigere gjennom komplekse dokument.
– Å få utvikla verktøy som «Planslurpen» er eit viktig ledd i regjeringa si satsing på å gjere plan- og byggjesaksprosessane meir effektive. Med verktøy som «Planslurpen» kan vi bruke ny teknologi til å gjere prosessane enklare og mindre tidkrevjande for både innbyggjarar, kommunar og utbyggjarar, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande:
–Målet til regjeringa er at det skal bli raskare og enklare å realisere gode bustadprosjekt i heile landet. DiBK har vist innovasjon i praksis, og DiBK er eit førebilete i korleis ein tek i bruk kunstig intelligens for å finne smarte løysingar, seier han