Presseinformasjon

Program for FNs tryggingsråd i desember

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i desember er klart. Det vil mellom anna være møte om multilateralt reformarbeid, anti-terror og planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande operasjon i DR Kongo og FNs observatørstyrke på Golanhøgdene.

India har presidentskapet i Tryggingsrådet i desember. Det er siste månaden Noreg sit som valt medlem i Tryggingsrådet for denne gongen. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar i programmet.

Program  

5. desember

Orientering om FNs etterforskingsteam for å stille Isil ansvarleg for alvorlege brotsverk i Irak (Unitad). Orientering og konsultasjonar om kjemiske våpen i Syria.

 

 

6. desember

Orientering om situasjonen i Ukraina, spesielt beskyttelse av barn.

 

 

7. desember

Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Sudan (Unitams).

 

 

8. desember

Konsultasjonar om FNs observatørstyrke på Golanhøgdene (Undof). Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Sentral-Afrika (Unoca).

 

 

9. desember

Orientering og konsultasjonar om FNs fredsbevarande operasjon i DR Kongo (Monusco).

 

 

12. desember

Debatt om Den internasjonale restmekanismen etter Jugoslavia- og Rwanda-tribunala (IRMCT). Orientering om dei underliggande organa i Tryggingsrådet.

 

 

13. desember

Orientering og konsultasjonar om Jemen. Orientering og konsultasjonar om FNs fredsbevarande operasjon i Sør-Sudan (Unmiss).

 

 

14. desember

Open debatt om multilateralt reformarbeid .

 

 

15. desember

Orientering om den globale innsatsen mot terror og vegen vidare.

 

 

16. desember

Planlagt vedtak av fornya mandat for overvaking av sanksjonsregimet mot Taliban. Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil).

 

 

19. desember

Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande operasjon i DR Kongo (Monusco). Orientering og konsultasjonar om den israelsk-palestinske konflikten. Konsultasjonar om ikkje-spreiing av kjernevåpen.

 

 

20. desember

Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Afghanistan (Unama).

 

 

21. desember

Planlagt vedtak av fornya mandat FNs observatørstyrke på Golanhøgdene (Undof). Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria.

 

Korleis dekke møte i Tryggingsrådet

Pressetreff og opne møte går direkte på FNs web-tv. Video kan du få i etterkant etter avtale. Bilete frå møta finn du på UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn innlegg frå Noreg i Tryggingsrådet her.

Pressekontakt:
New York:
 Astrid Sehl, astrid.sehl@mfa.no, telefon +1 646 642 9910.
Oslo: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.