Fleire skal få jobbe til dei blir 72 år

Regjeringa vil fjerne moglegheita for kommunar og bedrifter til å sette eigne aldersgrenser, slik at fleire kan jobbe til dei er 72 år dersom dei ønskjer det.

– Det er mange ressurssterke seniorar i norsk arbeidsliv som vi har behov for. Det er ikkje grunn til at arbeidsgjevarar i privat sektor og kommunane skal kunne seie opp folk når dei blir 70 år, sjølv om dei ønsker å jobbe vidare. Spesielt ikkje no som aldersgrensa i staten vil bli heva til 72 år, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Den generelle aldersgrensa i arbeidsmiljølova er 72 år. Bedriftsinterne aldersgrenser i arbeidsmiljølova gjer at det i dag er mogeleg for bedrifter og kommunar å praktisere ei øvre aldersgrense på 70 år. Slike bedriftsinterne aldersgrenser må praktiserast konsekvent, og det kan føre til at arbeidsgjevarar må seie opp folk som framleis kan gjere ein god jobb.

– Med lengre levealder og ein aukande mangel på arbeidskraft, bør vi ikkje ha reglar som gjer at arbeidsgjevarar må seie opp folk dei ønskjer å halde på, seier Brenna.

Forslaget kjem etter pensjonsforliket i februar 2024, der det var semje om at aldersgrensa i staten skal endrast frå 70 til 72 år. Samstundes blei regjeringa bede om å vurdere bedriftsinterne aldersgrenser.