Statsbudsjettet 2024:
Regjeringa vil hjelpe fleire inn i jobb
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak og integrering med 770 millionar kroner i neste års budsjett. Auken skal bidra til å inkludere fleire i arbeidslivet.
– Vi må få fleire av dei som står utanfor inn i arbeidslivet. Sjansane for å få og bli i jobb er større gjennom riktig opplæring, rettleiing eller tilpassing. Derfor satsar vi på fleire slike tiltak i budsjettet, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Ungdomsgarantien skal sikre fast kontaktperson
Behovet for arbeidskraft er stort. Samstundes står om lag 550 000 personar i alderen 20-64 utanfor arbeidsstyrken. Talet på unge uføre er dobla dei siste ti åra. I 2024 vil regjeringa halde fram arbeidet med ungdomsgarantien.
– Altfor mange unge er utanfor jobb eller utdanning, og det bekymrar meg. Ungdomsgarantien skal sikre at dei mellom 16 og 30 år som treng hjelp til å kome i ordinært arbeid får ein fast kontaktperson og tett oppfølging over tid, seier Mjøs Persen.
Vil gjere det lettare å kombinere norskopplæring og jobb
På grunn av krigen i Ukraina kjem det mange tusen til Noreg som treng hjelp til å kome i arbeid. Regjeringa foreslår derfor 30 millionar kroner til etablering av eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring. Den skal gjere det lettare å kombinere norskopplæringa med jobb.
Regjeringa foreslår å løyve:
- 82,4 millionar kroner til 500 nye varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA) neste år. Plassane er ein del av regjeringa sin fireårige opptrappingsplan på om lag 2000 plassar fram mot 2027. VTA er ei ordning retta mot uføretrygda med behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging, uavhengig av diagnose.
- 205 millionar kroner til ungdomsgarantien i NAV. Pengane skal brukast på oppfølging av unge som har falle utanfor, slik at dei kan komme inn i arbeidslivet. Frå 2022 er det ei samla auke i løyvinga til NAV på 380 millionar for å innfri ungdomsgarantien.
- 238 millionar kroner til arbeidsmarknadstiltak og personellressursar i NAV. Regjeringa auka løyvinga i revidert nasjonalbudsjett i 2023 og vidarefører det i 2024. Døme på tiltak som kurs og opplæring, oppfølging, arbeidstrening og lønstilskot.
- 55 millionar kroner til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), for å bidra til rask busetting og integrering av fordrivne frå Ukraina.
- 30 millionar kroner for å legge til rette for etablering av eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring. Målet er å gjere det lettare å kombinere jobb med norskopplæring på kveldstid og i helger.
- 82,5 millionar kroner meir til forsøk med arbeidsorientert uføretrygd. Ordninga skal teste om tett arbeidsretta oppfølging og trygdejustert løn kan føre til at fleire personar under 30 år kan vere i arbeid. Desse personane ville elles hatt full uføretrygd. Løyvinga for 2024 kjem i tillegg til 35 millionar kroner som blei løyva i 2023.
- 30 millionar kroner meir til funksjonsassistanse i arbeidslivet. Fleire funksjonshemma får høve til å få ein lønna assistent som hjelper til med praktiske formål på jobb. For 2024 blir det foreslått ei løyving på 119 millionar kroner.
- 25 millionar kroner meir til forsøk for betre tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for NAV-brukarar. Totalsummen er 50 millionar kroner.
- 18,7 millionar kroner til å prøve ut to modellar for samhandling mellom NAV og kommunehelsetenesta for personar med milde til moderate psykiske helseproblem, rusproblem eller muskel- og skjelettplager. Formålet er å bidra til tidleg og samtidig oppfølging for dei som har behov for å kombinere tenester og oppfølging.
- 6 millionar kroner til tilskot til arbeids- og utdanningsreiser, som skal bidra til å inkludere fleire med nedsett funksjonsevne i arbeidsmarknaden.