Revidert nasjonalbudsjett
Fleire heildøgns omsorgsplassar
Nyheit | Dato: 11.05.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
For å sikre eit trygt og godt helse- og omsorgstilbod til eldre, foreslår regjeringa å styrke tilsegnsramma for tilskot til heildøgns omsorgsplassar med 2 milliardar. Regjeringa foreslår også å utvide Tørn-prosjektet i KS til eit nasjonalt program.
– Andelen eldre kjem til å auke betydeleg i dei komande åra. Eldre som ikkje klarer å bu i eigen heim, skal vere trygge på at fellesskapet stiller opp, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Eg er derfor glad for at vi kan legge til rette for om lag 1000 nye omsorgsplassar. Før sommaren vil vi også legge fram ein heilskapleg eldrereform. Her er eitt hovudmål å sikre betre og meir berekraftige buformer for eldre.
Styrka tilsegnsramme
Det har i 2023 vore stor etterspurnad etter investeringstilskot til heildøgns omsorgsplassar.
Regjeringa sitt forslag om å styrke tilsegnsramma med ytterlegare 2 milliardar kroner til heildøgns omsorgsplassar skal legge til rette for om lag 1000 nye plasser.
I samsvar med utbetalingsprofilen for investeringstilskotet inneber forslaget at løyvinga blir auka med 200 millionar kroner i 2023.
Utvidar Tørn-prosjektet
– Helsepersonellkommisjonen er tydeleg på at det framover blir færre fagfolk per pasient. Då må vi omstille oss og jobbe på nye måtar, fortel helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
– Vi må sørge for at fagfolka får brukt kompetansen sin best mogleg, at vi får til ei riktig oppgåvedeling og at vi legg til rette for ein heiltidskultur. Tørn-prosjektet bidrar til dette. Vi foreslår derfor å utvide forsøket og gjere det til ei nasjonal ordning.
Skal bidra til meir berekraftige tenester
Tørn-prosjektet er eit forsøk med nye arbeids- og organisasjonsformer i den kommunale helse- og omsorgstenesten.
Forsøka skal bidra til meir berekraftige tenester ved å auke andelen heiltidstilsette og tilsette med helsefagkompetanse.
– Vi veit at trygge og gode arbeidsvilkår er avgjerande for at fagfolka vil jobbe i vår felles helse- og omsorgsteneste. Vi har derfor også lagt fram ein eigen opptrappingsplan for heiltid og god bemanning i omsorgstenesten som vi no jobbar med å følge opp, seier Kjerkol.