Nett-tv:
Fiskeri- og havministeren tek imot NOU frå Havbruksutvalet
Pressemelding | Dato: 21.09.2023 | Nærings- og fiskeridepartementet
Torsdag 28. september mottek fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran utgreiing (NOU) frå Havbruksutvalet. Linda Nøstbakken leiar utvalget som har sett på tillatelsessystemet i havbruksnæringa.
Fiskeri- og havministeren tek imot NOU frå Havbruksutvalet
Sjå sendinga her
Havbruksutvalet har siden 8. oktober 2021 gjennomgått tillatelsesystemet i havbruksnæringa. Utvalet har hatt som oppgåve å se på heilskapen i systemet og korleis det kan tilpassas dagens og fremtidas utfordringar.
Våren 2023 fekk utvalet utvida mandat for å vurdere ulike tiltak for å fremja teknologiutvikling som gir meir berekraftig vekst.
Les meir om Havbruksutvalet
Under framlegginga vil utvalsleiar Linda Nøstbakken presentere dei viktigaste funna frå rapporten.
Praktisk info:
Tid: 28. september kl. 09:30-11:00.
Stad: Møterom Rjukan i Nærings- og fiskeridepartementet, Kongensgate 8
Strauming:
Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.